Hopp til innhald

OR6-403 Leiing og endring i organisasjonar

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentanes praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: Perspektiv på organisasjonar, særtrekk ved offentlege organisasjonar, reformer som endring i organisasjonar og organisasjonar som ramme for leiing.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studentane:

  • kunne nytte ulike perspektiv på organisasjonar og organisering som mentale verktøy for analyse av komplekse leiarutfordringar
  • forstå korleis særtrekk ved offentlege organisasjonar utgjer konkrete ramme for utøving av leiing
  • kjenne til korleis reformer påverkar idear om organisering og leiing av arbeidsprosessar
  • kunne identifisere kva leiaridear som dominerer i eigen organisasjon og forstå korleis organisasjonar legg føringar på endringsaktivitetar.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Deltakaranes erfaringar og eksisterande organisasjonsforståing skal utfordrast gjennom arbeid med relevant teori og alternative perspektiv. Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium. I samlingane vekslar ein mellom førelesningar, øvingar og diskusjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

A-krav nr. 1 a, : Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for forventningar og mål for emnet og studiet.

A-krav nr. 1b: Delta i munnleg presentasjon av gruppearbeid om organisasjonsanalyse.

Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Semesteroppgåve der eit organisasjonsproblem eller ei utfordring på eigen arbeidsplass blir drøfta ut frå pensum. Innleveringsfristen og andre formelle krav til innleveringa blir gjort kjend av faglærar. Arbeidet kan vere individuelt, eller i gruppe på 2 studentar. Rettleiande vil eit individuelt arbeid vere på maksimalt 10 sider, medan eit gruppearbeid kan innehalde inntil 20 sider.

Bokstavkarakter.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast innan gitte fristar.

Fagleg overlapping

  • OR6-403 - Leiing og endring i organisasjonar - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • OR6-401 - Leiing og endring i organisasjonar - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
  • OR6-404 - Organisasjon, leiing og læring i kommunal sektor - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • OR6-405 - Samarbeid, fornying og leiing i kommunal sektor - Reduksjon: 5 studiepoeng