Hopp til innhald

SA593 Frå ung til vaksen: Skule, arbeid, media, politikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grunnleggjande forståing av kjenneteikn ved og endringar i sentrale sosialiseringsinstitusjonar/-arenaer som familien, utdanningsinstitusjonen, media og jamnaldringsgruppa. Tilhøvet mellom endringar i slike institusjonar og nye ungdomsroller og identitetar er sentralt - mellom anna tesen om auka individualisering. Merksemda vert retta særleg mot kjønns- og klassebaserte identitetar og livssjansar. Endringane i utdanningsinstitusjonen og kva konsekvensar desse har for identitetsforming og sosial mobilitet er sentrale problemstillingar. Emnet tek også opp media si dobbelrolle som formidlar og skapar av nye identitetar og livsstilar, og som iscenesetjar av uro kring ungdoms livsstil og veremåte. Slik følgjer ein opp problemstillingar frå emnet (kodexxx) Sosiologiske perspektiv. Emnet gjev også ei innføring i fagdidaktiske problemstillingar i form av refleksjon over den særeigne sosiologiske tilnærminga til utdanningsinstitusjonane.

Læringsutbytte

Etter fullført emne:

Kunnskapar

  • har studenten kunnskap om grunntrekk ved og samanhengar mellom dei sentrale sosialiseringinstitusjonane-/arenaene familie, utdanning, arbeid, media og jamnaldringsgruppe i høve identitet og livssjansar
  • har studenten kunnskap om korleis samhandlinga innan og mellom viktige sosialiseringsinstitusjonar medverkar til både sosial inkludering og ekskludering
  • kjenner studenten til skildringar og analysar av korleis unge kvalifiserer seg til vaksenlivet, og kva for nye vilkår og barrierar som har komme til dei siste tiåra

Ferdigheiter

  • kan studenten bruke kunnskap om ungdom i skulen, familien og fritida til å utarbeide gode problemstillingar om korleis samtida legg rammer for liva til nye generasjonar
  • kan studenten finne vurdere og vise til fagleg relevante tekstar, og leggje fram kortfatta skriftlege arbeid som byggjer på slike ferdigheiter

Generell kompetanse

  • kan studenten formidle ungdomssosiologisk kunnskap og delta i ordskiftet der ungdom er tema
  • kan studenten frå ein ungdomssosiologisk synsstad utveksle synspunkt på nytten og verdien av politiske tiltak retta mot skulen, familien og arbeidslivet
  • har studenten innsikt i institusjonaliseringsprosessar

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminarundervisning og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt. Studentar som er forhindra frå å møte, må levere inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 800 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.

Vurderingsform

Munnleg eksamen. Studentane får oppgitt eit utval oppgåvespørsmål i god tid før eksamen og førebur seg særskilt på desse. Eitt av spørsmåla blir trekt under munnleg eksamen. Sensorane har også høve til å stille andre spørsmål frå pensum.