Om søking og opptak
Søknadskode i Samordna opptak
203351
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere ungdomssosiologi?
Du lærer om korleis kjønn, sosial klasse, familie, nærmiljø, vennskap og media påverkar overgangsfasen frå barn til vaksen. Du har også emne som gir kunnskap om endringar i det internasjonale samfunnet.
Studiet passar godt for deg som likar å reflektere over ny kunnskap, er nysgjerrig og vil utvikle betre analytiske evner.
Start med eit årssudium, og viss du trivst kan du søke deg inn på 2. året på bachelor i sosiologi. Eit årsstudium kan også vere ein fin måte å lære noko nytt om du allereie har ei utdanning frå før.
Du kan studere ungdomssosiologi ved campus Sogndal.
Kva lærer du?
- kva utfordringar og forventningar som møter unge i dagens samfunn
- korleis familien, skulen, media, venner og maktforhold i samfunnet kan forklare ulike val og ulik meistring
- sosiologifaget og sosiologisk forskingsmetode
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Undervisninga baserer seg på at du som student er glad i å lese faglitteratur på eiga hand eller i samarbeid med medstudentar.
Vil du studere meir?
Studiet utgjer første år av bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi. Etter fullført årsstudium, kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelorstudiet. Du søker gjennom vår Søknadsweb.