
Samfunnsfag | Sogndal
Årsstudium
Er du samfunnsengasjert og interessert i kvifor samfunnet er som det er? Med årsstudium i samfunnsfag lærer du å forstå samtida betre, samtidig som du får innsikt i samfunnsutviklinga i fortid og notid.
Kvifor studere samfunnsfag?
Årsstudium i samfunnsfag gir deg god innsikt i nyare historie, sosiologi og statsvitskap. Du kan studere samfunnsfag på campus Sogndal.
Eit årsstudium er ein fin måte å starte å studere. I denne utdanninga lærer du om ulike teorier innan samfunnsvitskap. Viss du trivst, kan du fortsette på ein bachelor. Ved HVL kan du ta bachelor i sosiologi eller bachelor i historie.
Studiet passar også godt som vidareutdanning for deg som er lærar.
Kva lærer du?
- forstå samanhengar mellom samfunn, styresett, levekår og globale spørsmål
- sjå hovudtrekka i nyare norsk, europeisk og global historie
- samanlikne og forstå politiske forhold i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
- kritisk vurdere historiefaglege og samfunnsvitskaplege tekstar
Kva kan du jobbe med?
Eit årsstudium i samfunnsfag passar godt saman med andre utdanningar, som andre samfunnsfag, kulturfag, økonomiske fag, idrettsfag eller sosialfag. Å utvide fagkompetansen med samfunnsfag vil vere nyttig for arbeid innan undervisning, offentleg og privat administrasjon eller organisasjonar.
Korleis er undervisninga?
Vi har førelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, munnlege presentasjonar, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.
Vil du studere meir?
Årsstudium i samfunnsfag kan danne grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning i til dømes historie eller sosiologi. Du kan også bruke årsstudiet inn i andre studium.