Hopp til innhald

ØKB2120 Etikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Det overordna målet er å gi auka medvit om etiske val og aktørane sitt moralske ansvar i privat og offentleg verksemd. Ei innføring i sentrale etiske omgrep og teoriar skal gi innsikt i kva viktige standpunkt og ordningar byggjer på og gi eit grunnlag for å identifisere og diskutere etiske problem i nærings- og samfunnsliv.

Læringsutbytte

Studenten:

  • Kjenner til og forstår det sentrale innhaldet i ulike etiske teoriar.
  • Forstår korleis etiske resonnement er relevante for privat og offentleg verksemd.
  • Forstår grunnlaget for å sei at private og offentlege verksemder har moralsk ansvar

Studenten:

  • Kan diskutere etiske problem i det økonomiske livet med forståing for nyansar og alternative perspektiv.
  • Kan vurdere etiske omsyn i privat og offentleg verksemd og sjå kritisk på om dei er vel ivaretatt i konkrete tilfelle.
  • Kan foreslå og grunngje etisk forsvarlege alternativ i konkrete tilfelle.

Studenten:

  • Kan bidra konstruktivt i debatten om etiske val i samfunns- og næringsliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med diskusjon, individuell tileigning av fagstoff, obligatorisk arbeid med studiekrav i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja, spesifisert i undervisningsplan ved semesterstart

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 5 timar 100%

Karakter A - F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatt

Meir om hjelpemiddel