Hopp til innhald

ØKB3117 Vidaregåande finansrekneskap

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Kurset skal gi studentane ei fordjuping i dei mest sentrale utfordringane med innrekning, måling og presentasjon ved avslutning av årsrekneskapen i samsvar med god rekneskapsskikk. Hovudfokus vil vere å vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk med vekt på NRS standardane i samband med utarbeiding av årsrekneskapen. Fordjuping i enkelte emne som til dømes skatt, anleggskontraktar og leigde driftsmiddel, og innføring i konsernrekneskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten:

  • Har inngåande kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane og grunnleggande rekneskapsprinsipp
  • Har innsikt i rekneskapsreglene for små føretak
  • Kjenner til rekneskapsreglar for ideelle organisasjonar
  • Kjenner til dei mest sentrale forskjellane mellom rekneskaps- og skatteregler
  • Kjenner til regelverket for noter og årsberetning

Ferdigheiter:

Studenten:

  • Kan avslutte ein årsrekneskap, inklusiv skattepostar og resultatpostar, for AS
  • Kan utarbeide ein enkel konsernrekneskap

Generell kompetanse:

Studenten:

  • Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
  • Kan tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor og kunnskap om andre områder innan faget
  • Kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar

Krav til forkunnskapar

ØKB1111 Finansrekneskap eller tilsvarande. Relevant realkompetanse kan vurderast.

Tilrådde forkunnskapar

Kurs i investering og finansiering, tilsvarande 2. års kurset ved HSH.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, oppgåveløysing i plenum og rettleiing i tilknyting til individuell eller gruppevis oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 10 dagar, 30%

Skriftleg skoleeksamen, 4 timar, 70%

Begge delene må bestås

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1 individuell heimeeksamen: Alle trykte og skrivne hjelpemidlar er tillatne

Del II Skriftleg eksamen; Tilrådingar vedrørande god rekneskapsskikk, Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) blir utdelt, Lovsamling, Særtrykk av lovar

Meir om hjelpemiddel