Hopp til innhald

MAS3-301 Vitskapsteori og metode

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet består av tre ulike komponentar.

  • Vitskapsteori og design: Emnet inneheld eit kurs i vitskapsteori og design. Kurset skal formidle kunnskap om rekkjevidda til ulike filosofiske spørsmål som er viktige for vitskapleg arbeid, og utvikle eit repertoar for å møte ulike typar problemstillingar. Dette vert realtert til arbeid med å utvikle innsikt i ulike forskingsdesign.
  • Metodologi og metode: Emnet inneheld ei oversikt over korleis ulike problemstillingar krev ulik metodologi. I denne gjennomgangen blir det lagt vekt på å få fram kunnskap om kva dei ulike vitskapelege metodologiane har felles. Emnet vektlegg innføring i kvantitative og kvalitative tilnærmingar og metodar i forsking, både teoretisk og praktisk.
  • Oppgåveseminar: Saman med undervisning i metode- og vitskapsteori vert det arrangert ei rekkje med masteroppgåveseminar der studentane skal legge fram og delta i drøftinga av eige og andre sine skisser til masteroppgåve. Studentane skal også lære å lese og analysere vitskaplege artiklar og reflektere over korleis truverdet blir skapt i vitskapleg arbeid. Seminaret er med og dannar grunnlag for prosjektplan for masteroppgåva.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • om vitskaplege teoriar og metodar i det pedagogiske fagfeltet
  • inngåande kunnskap om sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kunne vurdere grunnleggande forskingsetiske problem i system- og individretta studiar
  • kunne kritisk vurdere og drøfte ulike vitskapsteoretiske retningar og syn
  • kunne analysere og vurdere relevans i vitskaplege artiklar
  • kunne utarbeide og grunngje design for eit forskingsprosjekt
  • kunne presentere og utvikle metodiske tilnærmingar på bakgrunn av tilbakemeldingar frå medstudentar og faglærarar
  • kunne bruke ulike kvantitative og kvalitative analyseverktøy, som til dømes statistikkprogramvare, tekstanalysemetodar, intervju og observasjon

 

Generell kompetanse

Studenten

  • studentane skal evne til å analysere og drøfte vitskapsteoretiske og etiske perspektiv på forsking og vitskap
  • studentane skal ha evne til å grunngje ulike metodiske val og tilnærmingar til forsking, og kunne delta i den vitskaplege diskursen innafor sitt fagfelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga varierer mellom formidling av fagstoff og sentrale perspektiv i studiet, drøftingar av problemstillingar og case, og framlegg frå studentar og responsgrupper. Aktiv deltaking er ein føresetnad for læring i emnet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk deltaking på all undervisning, inkludert masteroppgåveseminar.

Gjennomføre litteraturreview.

Utprøving av minst eitt kvantitativt og eitt kvalitativt metodeinstrument (pilotering av metodar), inkludert kvantitative og kvalitative tekstanalysemetodar.

Munnleg framlegging for medstudentar og lærarar og respons til medstudentar.

Innlevering av prosjektplan for godkjenning til fastsett frist.

Rettleiing på litteraturreview og pilotering av metodar.

Vurderingsform

Individuell skriftleg oppgåve. Litteraturstudie/review knytt til eige fagfelt. Eit utval på ti vitskaplege artiklar (nasjonale og internasjonale) som utgjer ein review av sentrale kjelder til eige framtidig masteroppgåveprosjekt. Vekting 30%.

Individuell skriftleg heimeeksamen, 10 dagar. Vekting 70 %.

Ved sensur av emnet blir karakterskalaen A-F nytta.