Hopp til innhald

MSAM613 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg avhandling. Tema og tilnærming for avhandlinga skal skje i samråd med rettleiar.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført emne 6 skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har spesialiserte kunnskapar om eit avgrensa fagområde
  • har god kjennskap til spesialiseringa sin relevans og plassering i eit større kunnskapsområde
  • har kunnskapar om krav til samfunnsvitskaplege framstillingar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utforme eit forskingsprosjekt, samle inn og analysere data.
  • kan handtere forskingsetiske utfordringar relevant for sitt forskingsprosjekt
  • kan resonnere sjølvstendig og utarbeide ein stringent argumentasjon, munnleg og skriftleg
  • kan formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg i tråd med ålmenne vitskaplege krav

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har eit sjølvstendig og reflektert forhold til teori og metode innanfor samfunnsvitskap, tileigna gjennom eigen forskingspraksis
  • har ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og empirisk materiale
  • kan nytte teori, metodar og teknikkar tilhøyrande faget på ein sjølvstendig måte i handsaminga av vitskaplege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere masteroppgåva må studentane ha avlagt og bestått emne 1, 2, 4 og 5, eller 1, 2, 3 og 5.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva føreset ei hovudvekt av sjølvstudium og sjølvstendig arbeid med individuell rettleiing. I tillegg blir det organisert manuskriptseminar for studentar i 3. og 4. semester, der studentane legg fram delar av oppgåva si til diskusjon. I manuskriptseminara får studentane innspel frå ei større gruppe medstudentar og fagpersonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Masteroppgåve med justerande munnleg eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Masteroppgåve Masteroppgåva skal vere på 32000 - 44000 ord brødtekst, linjeavstand 1,5 og fontstorleik 12.  Tid for innlevering blir annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Karakter blir lagt ut på Studentweb 24 timar før justerande munnleg eksamen.  

Justerande munnleg eksamen Den munnlege prøva har to delar: ein open presentasjon på 20 minuttar, og ein påfølgjande lukka munnleg eksaminasjon med utgangspunkt i oppgåva. Tid og stad for munnleg eksamen blir lagt på Canvas.  Karakteren på masteroppgåva kan justerast opp eller ned ein karakter.

Det er ikkje mogeleg å framstille seg til eksamen i dette emnet meir enn ein gong, med unnatak dersom oppgåva blir vurdert til ikkje bestått. For meir informasjon om ny vurdering/klage, sjå: Forskrift om studier og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel