PU311 Skulen i samfunnet
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Skulen som organisasjon Skulen i samfunnet Barn i utsette livssituasjonar Pedagogisk utviklingsarbeid Vurdering av kompetanse
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- om skulen i eit samfunnsperspektiv, skulen si rolle i samfunnet
- om samisk kultur/urfolk og skulen i eit fleirkulturelt perspektiv
- om lærande organisasjonar og skulekulturar
- om inkludering av barn med særskilde behov og samarbeid internt og eksternt
- om endringsarbeid og innovasjon
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre pedagogisk utviklingsarbeid
- kan analysere eigen og felles kompetanse i gruppa/organisasjon
- kan grunngje og utvikle sin faglege kompetanse og fagdidaktiske forståing og pedagogisk praksis ut ifrå eit samfunnsperspektiv
- kan drøfte samfunnsoppgåver, verdigrunnlag og målsetjingar i skulen
- kan leggje til rette for læring i ein fleirkulturell skule
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulen som organisasjon
- har evne til å samarbeide med føresette, og på tvers av profesjonar
- har evne til å reflektere over eigen profesjonsutvikling og profesjonsutøving
- har evne til å vidareutvikle eigen profesjonskunnskap
- har evne til å møte framtidige utfordringar i skule, arbeid- og samfunnsliv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert lagt vekt på varierte arbeidsmåtar som skal bidra til at studentane reflekterer og ser samanhengen mellom teori og praksis. Arbeidsmåtane skal stimulera til ansvar for eiga og andre si læring. Det vert ei veksling mellom fellesundervisning, gruppeundervisning, rettleiing, individuelt arbeid og sjølvstudium. Fronter er eit viktig kommunikasjon og læringsverktøy i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrava vert tilpassa om studentane har fagdidaktikk i eit eller to fag.
- Gjennomføre eit tverrfagleg utviklingsprosjekt
- Presentasjon av refleksjonsnotat med utgangspunkt i praksis.
- All undervisning er obligatorisk (80 %)
Det vert laga mal for arbeidskrava som seier noko om mål, innhald, form, omfang, vurderingskriterium og rettleiing.
Vurderingsform
Mappe: Innlevering av ei individuell skriftleg oppgåve Vekting:50 %
Det vert laga mal for mappeeksamen som seier noko om mål, innhald, form, omfang, vurderingskriterium og rettleiing. Ved stryk på: må studenten levere ny tekst. Ved forbetring av mappa: må studenten levere omarbeidd tekst.
Munnleg, individuell eksamen. Den munnlege eksamen tek utgangspunkt i sentrale tema i pedagogikk og fagdidaktikk.Oppgåvene omfattar emna PU310 og PU311.Studentar med fagdidaktikk i to fag skal trekkje fag på eksamen. Vekting:50 %
Det vert gjeve gradert karakter etter skalaen A-F. Begge eksamen må vere bestått for at eksamen skal bli godkjend.