Hopp til innhald

HELS-GRUNL Helse- og omsorgsvitskap - grunnlagstenking

Emneplan for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi innsikt i grunnlagstenking i helse- og omsorgsvitskap.

Kurset drøftar verdiane, omgrepa og teoriane som utgjer eit felles grunnlag for helse- og omsorgsvitskap, uavhengig av klinisk kontekst, omstende og yrkestilhøyrsle. Det blir lagt vekt på å synleggjere korleis helse- og omsorgsvitskap som vitskapleg disiplin og fagområde blir forma av ontologisk, teoretisk og epistemologisk forståing. Helse- og omsorgsvitskap blir belyst og drøfta i eit interdisiplinært perspektiv, og blir relatert til aktuell forsking og klinisk praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • har inngåande kunnskap og forståing av dei grunnleggjande verdiane, omgrepa og teoriane knytt til helse- og omsorgsvitskap
  • forstår helse- og omsorgsvitskap som grunnvitskap og bruksretta vitskap

 

Dugleik:

Studenten:

  • kan drøfte ein klinisk situasjon i lys av omsorgsvitskapleg grunnlagstenking

 

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan gjere bruk av sitt helse- og omsorgsvitskaplege teorigrunnlag interdisiplinært.
  • kan bidra til nytenking innan sitt fagområde.
  • kan gjere bruk av sin kunnskap i grunnlagstenking knytt til kliniske problemstillingar, situasjonar, og moglege løysingar. 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, rettleiing, dialogbaserte seminarar/nettmøte, gruppearbeid m/fremlegg og skriftlege arbeid på campus og/eller digitalt.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja

Vurderingsform

Heimeeksamen, 2 veker. Gradert karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel