ØKB1110 Innføring i bedriftsøkonomi og rekneskap
Emneplan for studieåret 2018/2019
Innhald og oppbygging
Kurset skal gi dei fyrste og grunnleggjande kunnskapane innan rekneskapsføring og bedriftsøkonomisk analyse. Faget består av to delar: rekneskap og bedriftsøkonomi. I dette kurset skal studentane fyrst gjerast i stand til å utarbeide ein enkelt årsrekneskap. I bedriftsøkonomidelen vil kalkylemetodar og teknikkar for å fatte gode økonomiske avgjerder på kort og lang sikt stå sentrale. Kurset skal danne grunnlaget for vidaregåande kurs i finansrekneskap, økonomistyring og finansiering/investering.
- Balanselæra
- Praktisk rekneskapsføring
- Registrering av forretningstilfelle
- Periodisering
- Rekneskap i ulike selskapsformer
- Kostnadsomgrep
- Kostnadsfordeling og kalkulasjonsprinsipp
- KRV analysar
- Bedriftsøkonomiske avgjerdsproblem
- Prisbeslutninger og markedstilpasning
- Produktval
Læringsutbytte
Studentane skal etter fullført kurs
- ha grunnleggjande kunnskapar om formålet med eit finansrekneskap
- kjenne til standard kontoplan og kunne bokføre dei mest vanlege transaksjonar.
- ha forståing for omdøma utgifter, kostnader, utbetalingar, inntekter og innbetalingar
- ha forståing for effekten av endring i behaldninger, og kunne gjere vanlege periodiseringar.
- kunne forklare samanhengen mellom transaksjonar og deira innverking på resultat og balanse
- kunne foreta årsoppgjør med enkle posteringar ved årsoppgjøret og disponering av resultat i enkeltpersonføretak
- kjenne godt kostnadsomdømet og kjenne kostnadars variabilitet
- kunne finne korleis bedrifter bør tilpasse seg i ulike marknadssituasjonar
- ha kunnskap om ulike kalkylemetodar, og kunne utarbeide sjølvkost- og bidragskalkylar.
- ulike prinsipp for produktkalkulasjon
- dei grunnleggande føresetnadene for og svakheitene ved dei tradisjonelle kalkulasjonsmetodane
- kunne gjennomføre kostnads-, resultat- og volumanalysar
- kunne identifisera relevante kostnader og inntekter og kunne løyse ulike utfordringar med fokus på å ta gode val
- foreta enkle analysar av optimale produktval i situasjonar med avgrensa ressurstilgang
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
-
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, oppgåveseminar, oppgåveløysning m.m.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, innleveringsoppgåve(r) (spesifiserast i semesterplan ved semesterstart)
Vurderingsform
skriftleg skuleeksamen, 4 timar , 100%
Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) blir utlevert
Meir om hjelpemiddel