ØKB2124 Samfunnsvitskapleg metode
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i samfunnsvitskapleg forskingsmetode. Faget startar med ein introduksjon til metodelære der blant anna ulike trinn i forskingsprosessen blir gjennomgått. Både kvantitative og kvantitative forskingstilnærmingar og metodar blir studert. Innan kvantitativ dataanalyse omhandlast både deskriptiv statistikk og slutningsstatistikk. Vi bruker mellom anna regresjonsanalyse på ulike typar data. Faget inneheld øvingar der dataverktøy blir brukt for å analysere data og problemstillingar innan det økonomiske administrative fagområdet.Blant dei kvalitative datainnsamlingsmetodane gjennomgår ein blant anna intervju og fokusgrupper.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten:
- Har oversikt over dei ulike trinna i ein forskingsprosess.
- Har kunnskap om ulike typar forskingsdesign og kombinasjonar av forskingsopplegg, både kvantitative og kvalitative.
- Har kunnskap om grunnleggjande datainnsamlings- og analysemetodar, både kvalitative og kvantitative.
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan definere forskingsspørsmål og vite korleis ein kan gjera avgrensingar samt definere relevante omgrep og problem.
- Kan reflektere over muligheitane for generalisering, samt diskutere problemstillingar omkring validitet og reliabilitet, feilkjelder og feiltolkingar i empirisk baserte studiar.
- Kan vurdere alternative metodisk tilnærming for empirisk analyse av problemstillingar som dukkar opp i det økonomisk administrative fagområdet.
- Kan bruke og trekkje slutningar frå grunnleggjande statistiske og økonometriske metodar.
- Kan bruke og vere fortruleg med relevant dataverktøy for i praksis å kunne utføre grunnleggjande analyse basert på empiriske data.
Generell kompetanse
Med utgangspunkt i dei andre metodefaga (matematikk og statistikk) har studenten fått ei innføring i Samfunnsvitenskapleg metode, deriblant nytta statistikk og økonometri. Studenten kan reflektere omkring forskingsetikk samt vurdere alternative kvalitative og kvantitative forskingsdesign og metodar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Statistikk
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja, spesifiseres i semesterplan ved semesterstart
Vurderingsform
Prosjektoppgåve; 60/100, grupper
Skriftlig skoleeksamen; 40/100, 3 timar
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel