Hopp til innhald

MSAM613 Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva skal vere ei sjølvstendig vitskapleg avhandling. Tema og tilnærming for avhandlinga skal skje i samråd med rettleiar.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført emne 6 skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har spesialiserte kunnskapar om eit avgrensa fagområde
  • har god kjennskap til spesialiseringa sin relevans og plassering i eit større kunnskapsområde
  • har kunnskapar om krav til samfunnsvitskaplege framstillingar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan utforme eit forskingsprosjekt, samle inn og analysere data.
  • kan handtere forskingsetiske utfordringar relevant for sitt forskingsprosjekt
  • kan resonnere sjølvstendig og utarbeide ein stringent argumentasjon, munnleg og skriftleg
  • kan formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg i tråd med ålmenne vitskaplege krav

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har eit sjølvstendig og reflektert forhold til teori og metode innanfor samfunnsvitskap, tileigna gjennom eigen forskingspraksis
  • har ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og empirisk materiale
  • kan nytte teori, metodar og teknikkar tilhøyrande faget på ein sjølvstendig måte i handsaminga av vitskaplege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

For å kunne levere masteroppgåva må studentane ha avlagt og bestått emne 1, 2, 4 og 5, eller 1, 2, 3 og 5.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva føreset ei hovudvekt av sjølvstudium og sjølvstendig arbeid med individuell rettleiing. I tillegg blir det organisert manuskriptseminar for studentar i 3. og 4. semester, der studentane legg fram delar av oppgåva si til diskusjon. I manuskriptseminara får studentane innspel frå ei større gruppe medstudentar og fagpersonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Masteroppgåve med justerande munnleg eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere på 32000 - 44000 ord brødtekst, linjeavstand 1,5 og fontstorleik 12.  Tid for innlevering blir annonsert på Studentweb og digitalt eksamenssystem. 

Justerande munnleg eksamen

Den munnlege prøva har to delar: ein open presentasjon på 20 minuttar, og ein påfølgjande lukka munnleg eksaminasjon med utgangspunkt i oppgåva. Tid og stad for munnleg eksamen blir lagt på Canvas.  Karakteren på masteroppgåva kan justerast opp eller ned ein karakter.

Det er ikkje mogeleg å framstille seg til eksamen i dette emnet meir enn ein gong, med unnatak dersom oppgåva blir vurdert til ikkje greidd. For meir informasjon om ny vurdering/klage, sjå: Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Masteroppgåve: Alle
  • Munnleg eksamen: Ingen

Meir om hjelpemiddel