Hopp til innhald

PE331 Spesialpedagogikk

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studiet byggjer på ei grunnutdanning med pedagogikk. Utdanninga kvalifiserer for arbeid med barn og unge med utfordringar i læring og ulike funksjonshemmingar.

Studiet er bygd opp kring tre hovudtema:

  • Organisatoriske og ideologiske perspektiv
  • Lærevanskar og særskilte behov i eit system- og individperspektiv
  • Didaktikk og spesialpedagogisk verksemd

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om lover og rammer for tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • har kunnskap om eit utviklings- og systemorientert perspektiv på spesialpedagogikk
  • har tileigna seg kunnskap om korleis ein kan arbeide med spesialpedagogiske oppgåver i samarbeid med kollegaer, føresette og ulike hjelpeinstansar

 

Ferdigheiter

Studenten

  • har kjennskap til ulike grupper barn og unge med særskilte opplæringsbehov
  • har forstått innhaldet i dei viktigaste omgrepa innan det spesialpedagogiske arbeidsfeltet
  • har tileigna seg kompetanse, utvikla refleksjonsevne og kritisk tenking i høve til arbeid med barn og unge med særskilte opplæringsbehov

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har utvikla innsikt, haldningar og refleksjonsevne i høve til kva som kan fremje eller hemme læring både på individ- og systemnivå
  • kan skaffe seg kunnskap om utfordringer denne møter i ein yrkeskvardag

Krav til forkunnskapar

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning), bachelor innan helse- og sosialfag eller tilsvarande utdanning på bachelornivå.

Tilrådde forkunnskapar

Det som kvalifiserer for opptak.

Undervisnings- og læringsformer

Det spesialpedagogiske studiet har ei sterk praksistilknyting og refleksjon mellom teori og praksis er ein viktig del av dette. Arbeids- og undervisningsformene varierer mellom førelesing, gruppe-, prosjekt- og individuelt arbeid, samt litteraturstudiar. Kollokviearbeid vil vere ei arbeidsform som kjem i tillegg til den ordinære undervisningstida. Canvas vert brukt som informasjons- og kommunikasjonshjelpemiddel. Det er lagt opp til ein ekskursjon i løpet av studieåret. Kostnader knytt til turen må dekkast av den einskilde student.

Praksis

I studiet inngår tre veker praksis ved t.d. skule, barnehage eller anna spesialpedagogisk verksemd. For ei lita gruppe studentar er det høve til å gjennomføre praksis utanfor Norge. Internasjonal praksis går over 4 veker.

Omfang av praksis i studiet (i prosent)

15%

Obligatorisk læringsaktivitet

  • To individuelle arbeidskrav i høstsemesteret
  • Ein individuell rapport knytt til praksis
  • Praksis; praksisførebuing, gjennomføring og etterarbeid, inkludert presentasjon av praksis for medstudenter
  • Gjennomføring av prosjekt i gruppe, utarbeiding av skriftleg prosjektrapport
  • Munnleg framlegging av gruppeprosjekt
  • Obligatorisk fremmøte til undervisning, 80%

Vurderingsform

Vårsemesteret:

Skriftleg grupperapport. Bokstavkarakter A-F. Ved eventuell strykkarakter kan studentane justere oppgåva og levere inn til ny vurdering.

Vekting: 40 %

 

Vårsemesteret:

Individuell skriftleg eksamen. Bokstavkarakter A-F.

Tid: 6 timar. Vekting: 60 %

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel