Hopp til innhald

RE6-2005 Utvikling og leiing av arrangement

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Arrangement er noko som er i vekst og kunnskap om dette samt utvikling og leiing av arrangement er sentralt i reiselivsnæringa i dag. Å kunne utnytte lokale ressurser i produktutvikling på reisemålet og tilby noko unikt vil vere eit viktig konkurranseførtrinn i dagens marknad.. Emnet skal gje kunnskap om dei ulike arrangementa som kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer samt arrangement forøvrig.  Ved å ta del i arbeid med arrangement  gjennom utplassering i ei veke i ei bedrift eller organisasjon samt at studentane sjølv også skal utvikle og gjennomføre sitt eige seminar vil studentane få innsikt i sentrale mulegheiter og utfordringar kring utvikling og planlegging og ev. gjennomføring av arrangement.

Sentrale tema i emnet er:

  • Trendar i marknaden
  • Grunnleggjande forståing om kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer og arrangement
  • Planlegging, utvikling og marknadsføring av arrangement
  • Sosiale, kulturelle, politiske og økonomiske ringverknader av arrangement
  • Leiing og drift av arrangement

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap

  • ha kunnskap til omgrepet Micee (meetings, incentives, conferences, events, exhibitions)og definere innhaldet i møter, kongress og konferanse, arrangement, utstilling/messer og incentiv reiser og kva som kjenneteiknar desse
  • ha kunnskap kring marknaden for Micee både i eit globalt perspektiv og nasjonalt

Ferdigheiter:

  • Kjenne til korleis ein integrerar kurs og konferanse og arrangement i reisemålsplanlegginga og marknadsføring av dette
  • Kunne utvikle og leie  arrangement som t.d. festivaler med omsyn til sikkerheit, kompetanse, kvalitet og oppleving
  • Kunne analysere ringverknader av eit arrangement , både sosiale, politiske, kulturelle og økonomiske. 
  • Kunne utvikle ein  kurs -og konferanse strategi til eit reisemålsselskap, eventbyrå eller liknande 
  • Kunne leie kurs og konferanse avdelingar, kongressar og arrangement som festivalar og liknande

Generell kompetanse_

  • Lære samanhengen mellom berekraftig reiseliv og arrangment 
  • Kjenne til forsking kring arrangement og ringverknader
  • Forstå rolla til arrangement i eit reisemålsperspektiv
  • Forstå rolla til arrangement i eit bedriftsperspektiv 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppeoppgåver og seminar. 

Utplassering ei veke (t.d. hjå festivalar eller kurs-konferanse avdelinger i hotell eller kongresssenter) . Vanlegvis i veke 41 men dette kan variere frå semester til semester.  Studenten  har sjølv ansvar for å finne bedrift/organisasjon til denne utplasseringa.

Utplasseringa skal godkjennast av faglærar.

I tillegg skal alle studentane delta i førebuing og gjennomføring av det årlege reiselivsseminaret ved høgskulen etter nærare avtale med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er 2 arbeidskrav i dette emnet som er fordelt slik:

1a) Utplassering i bedrift/organisasjon 1 veke for å jobbe med arrangement.

1b) Individuell rapport frå utplassering.

1c) Munnleg presentasjon av rapport og utplassering i klassen.

2) Deltaking og arbeid med førebuing og gjennomføring av reiselivsseminar ved Hvl. Kva student skal jobbe minst 20 timar med reiselivsseminaret.

 

Eit arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen i gruppe, ei veke; vekta 60%.

Presentasjon av oppgåve; vekta 40%.

Dersom kandidaten får stryk i ein av desse lyt kandidaten ta den aktuelle forma oppatt for å få godkjent emnet.

Fagleg overlapping

  • RE6-2009 - Event Management 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • RE6-2007 - Event Management 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng