Hopp til innhald

BLU3-1009 Musikk med dei minste

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Ein vil i hovudsak konsentrere seg om følgjande fem hovudarbeidsområde:

  • Lærande og skapande småbarn
  • Fagleg-pedagogisk arbeid med små barn
  • Samarbeid, musikalsk samspel og kommunikasjon i barnehagen
  • Dei yngste borna i barnehagen 
  • Praktiske disiplinar/handverksemne i musikk

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om musikalsk samspel i ulike miljø
  • har kunnskap om barns musikalske kvardag i ulike miljø
  • har kunnskap om musikk som kommunikasjon
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar dei yngste barna sine intensjonar og opplevingsverder.
  • har kunnskap om viktige element knytt til småbarnskulturen og dei yngste barna sine relasjonar til kvarandre
  • har kunnskap om kva det vil sei å vere ein kompetent vaksen i møte med dei yngste barna. 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan utvikle og formidle musikkopplevingar for barnehageborn i ulike miljø
  • kan bruke musikk gjennom eigen utøving av song, spel og rørsle
  • kan legge til rette for og utvikle stimulerande musikkopplevingar i barnehagen
  • kan reflektere over barns livsverden og didaktisk arbeid i barnehage

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid knytt til musikk i barnehagen
  • meistrar kommunikasjon med barn, føresette, personalet og eksterne samarbeidspartnarar

Krav til forkunnskapar

Gjennomført obligatorisk 150 studiepoeng i barnehagelærarutdanninga

Undervisnings- og læringsformer

Praktisk undervisning i song og spel, førelesningar, sjølvstudium, gruppearbeid, prosjektarbeid, øvingar

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Oppgåver knytt til praksis i grupper
  • Individuelt notat knytt til kartleggingar og utprøvingar i praksis
  • obligatorisk oppmøte (80 %)

Vurderingsform

Vårsemesteret 

Prosjekt: Prosjektarbeid i gruppe knytt til musikk som skal avsluttast med ein skriftleg rapport med vedlagt dokumentasjon. Vekting: 40%

Ved stryk eller forbetring av prosjektrapport, kan studentene levere omarbeidd tekst.

Individuell munnleg eksamen Vekting: 60%

Graderte karakterar (A-F)