BLU3-1009 Musikk med dei minste
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Ein vil i hovudsak konsentrere seg om følgjande fem hovudarbeidsområde:
- Lærande og skapande småbarn
- Fagleg-pedagogisk arbeid med små barn
- Samarbeid, musikalsk samspel og kommunikasjon i barnehagen
- Dei yngste borna i barnehagen
- Praktiske disiplinar/handverksemne i musikk
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om musikalsk samspel i ulike miljø
- har kunnskap om barns musikalske kvardag i ulike miljø
- har kunnskap om musikk som kommunikasjon
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar dei yngste barna sine intensjonar og opplevingsverder.
- har kunnskap om viktige element knytt til småbarnskulturen og dei yngste barna sine relasjonar til kvarandre
- har kunnskap om kva det vil sei å vere ein kompetent vaksen i møte med dei yngste barna.
Ferdigheiter
Studenten
- kan utvikle og formidle musikkopplevingar for barnehageborn i ulike miljø
- kan bruke musikk gjennom eigen utøving av song, spel og rørsle
- kan legge til rette for og utvikle stimulerande musikkopplevingar i barnehagen
- kan reflektere over barns livsverden og didaktisk arbeid i barnehage
Generell kompetanse
Studenten
- kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid knytt til musikk i barnehagen
- meistrar kommunikasjon med barn, føresette, personalet og eksterne samarbeidspartnarar
Krav til forkunnskapar
Gjennomført obligatorisk 150 studiepoeng i barnehagelærarutdanninga.
Undervisnings- og læringsformer
Praktisk undervisning i song og spel, førelesningar, sjølvstudium, gruppearbeid, prosjektarbeid, øvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Oppgåver knytt til praksis i grupper
- Individuelt notat knytt til kartleggingar og utprøvingar i praksis
- Det er krav om frammøte knytt til obligatoriske læringsaktivitetar.
Vurderingsform
Oppgåve i gruppe knytt til musikk: Ein skriftleg rapport med vedlagt dokumentasjon. Vekting: 40%.
Ved stryk eller forbetring av prosjektrapport, kan studentene levere omarbeidd tekst.
Individuell munnleg eksamen Vekting: 60%.
Graderte karakterar (A-F).