Hopp til innhald

BLU3-1010 Pedagogisk leiing og kulturelt mangfald

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Ein vil i hovudsak konsentrere seg om følgjande fire hovudarbeidsområde:

  • Barnehagen som organisasjon
  • Pedagogisk leiing, kritisk refleksjon og haldningsarbeid i personalet
  • Danning og interkulturell kompetanse knytt til majoritets- og minoritetsperspektivet
  • Livssyn, religion, ulikskap og individuelle føresetnader

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevant forsking og lovverk, ulike teoriar og metodar knytt til leiing generelt og leiarrolla i barnehagen spesielt
  • har kunnskap om organisasjonsteori, organisasjonskultur, barnehagen som lærande organisasjon og kan ta denne kunnskapen i bruk i høve eiga leiarrolla
  • har kunnskap om makt, medverknad, likeverd og mangfald i demokratiske prosessar i barnehagen
  • har innsikt i omgrepa mangfald, danning og interkulturell kompetanse
  • har kunnskap om samfunnsendringar i ei globalisert verd der barn, foreldre og personalet med ulik kulturell og religiøs bakgrunn møtast

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan leie og rettleie medarbeidarar med ulik bakgrunn og ulike føresetnadar og reflektere over og utvikle eiga leiarrolle
  • kan ta i bruk ulike metodar i utviklings- og endringsprosessar og utvikle gode former for samarbeid, og bruke dokumentasjon som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon
  • er bevisst eigne verdiar, normer og grunnleggande haldningar
  • kan anvende didaktiske verktøy som styrkjer barnehagelæraren si forståing av ulikskap mellom menneske
  • kan sjølvstendig og ilag med andre planlegge og setje i gang bevisstgjeringsprosessar knytt til personalet sine haldningar til mangfald, og setje i gang endringsprosessar knytt til tverrkulturell kompetanse

 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i tilhøve som legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar og kunne reflektere kritisk
  • kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla, ta sjølvstendige val og sjå barn sin oppvekst i eit samfunn i endring
  • kan leie haldningsskapande arbeid med personalgruppa i ein barnehage og i samarbeid med heimen
  • er kritisk reflekterande i takt med samfunnet sine endringar og barnehagen sitt samfunnsmandat
  • er kritisk reflekterande til eigne verdiar, normer, handlingar og eigen handlingspraksis

Krav til forkunnskapar

Gjennomført obligatorisk 150 studiepoeng i barnehagelærarutdanninga

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, gruppearbeid, prosjektarbeid, øvingar og student presentasjonar

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav knytt til pedagogisk leiing og endringsarbeid

Ulike arbeidsoppgåver knytt til prosjektarbeid i praksis

Arbeidskrav knytt til prosjektoppgåva

Obligatorisk oppmøte

Vurderingsform

Vårsemesteret

Prosjektoppgåve: Vekting 60%

Individuell munnleg eksamen: Vekting: 40 %

Graderte karakterar (A-F).

Ved stryk eller forbetring av prosjektoppgåve, kan studenten levere omarbeidd tekst