Hopp til innhald

ID3-322 Forskingsmetode og bacheloroppgåve i friluftsliv

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet inneheld vitskapsteori, forskingsmetode og oppgåveskriving. Emnet startar med å gi studenten ei innføring i prosessen bak eit vitskapeleg arbeid, før studenten sjølv skal gjennomføre ein forskningsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport. Studenten har krav på rettleiing i prosessen. 

Læringsutbytte

Etter avslutta bacheloroppgåve skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om forskingstradisjonar og datainnsamlingsmetodar
  • har kunnskap om metodar for å gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan kritisk vurdere vitskapelig litteratur som er relevant for ei problemstilling

Ferdigheiter

Studenten

  • kan gjennomføre systematisk og målretta forskingsrelatert arbeid
  • kan gjera litteratursøk og kritisk vurdere vitskapleg litteratur som er relevant for ei problemstilling
  • kan behandle, analysere og tolke data

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan gjennomføre ein forskingsprosess og utarbeide ein skriftleg rapport

Krav til forkunnskapar

Fullført 90 sp frå bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor idrett og kroppsøving, bacheor friluftsliv eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Bacheloroppgåve der primært to studentar arbeider saman.

Biblioteket underviser i søking i fagretta databasar og kritisk bruk av kjelder.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering og godkjenning av prosjektskisse, innlevering av skriftleg metodearbeid, presentere og delta på Work in Progress (WIP)-seminar

Vurderingsform

Skriftleg bacheloroppgåve i friluftsliv, gruppeoppgåve, gradert karakter (A - F)

Studentar som får karakteren F på bacheloroppgåva, kan levere forbetra versjon av same oppgåva ved eitt nytt eksamensforsøk. Dersom studenten får karakteren F også på andre forsøk, må det leverast heilt nytt eksamenssvar med ny problemstilling. Nytt svar og ny problemstilling gjeld også for studentar som vil forbetre sin karakter.