Hopp til innhald

KRO805 Fysisk aktiv læring

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Introduskjonsmodulen:

Den omfattar ressursane som er knytt til studiemodulane

- IT - verktøya

- Introduksjon til oppbygginga og arbeidsmåten i studiet

- Bevegelse integrert i undervisning. Modellar og teoriar om aktuelle læringsformer

- SOLO-taksonomien som metode for planlegging og vurdering for læring

- Forskingsstatus for kunnskap om fysisk aktiv læring

- Ressursar i fysisk aktiv læring, basar, utstyr og arbeidsmetodar

- Metodar for observasjon og vurdering av fysisk aktiv læring og ulike vurderingskriterier

- Fokusområda i studiet

Studiemodulane:

Dette er hovuddelen i studiet og koplar element i introduksjonsmodulen og praktisk arbeid med fysisk aktiv læring i studentane sine eigne klassar. Den er sett saman av fem modular. Studiet vert avslutta med ein praktisk-metodisk eksamen.

Kvar modul inneheld:

  1. Eit fokusområde
  2. Ein praktisk del og refleksjonssirkel

Refleksjonssirkelen er sett saman av:

  1. Planlegging av ei eller fleire økter i fysisk aktiv læring
  2. Gjennomføring av økt eller økter med video av delar av økta
  3. Etterarbeid med eigenvurdering av prosessen og observasjonar
  4. Gruppevurdering med tilbakemeldingar
  5. Overføring av erfaring og læring til arbeidet med neste modul

Modulane er progressivt bygd. Læringssekvensane strekkjer seg frå ein time til ein lengre periode, omfattar fleire fag, går frå overflatelæring til djupnelæring, og omfattar nye læringsmiljø og samarbeid med andre lærarar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

 Studenten

  • har inngåande kunnskap om teori og forsking i fysisk aktiv læring (FAL), og kva effektar ein kan oppnå gjennom bruk av metodikken
  • har avansert kunnskap om teoretiske perspektiv på fysisk aktivitet i undervisninga og læringsprosessar i skulen

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere læringssituasjonar, og ut frå det kritisk anvende teoretiske kjelder til å planlegge undervisning der FAL er naturleg integrert
  • kan gjennomføre vurdering for læring med FAL integrert i undervisninga med utgangspunkt i relevant teori
  • kan bruke kunnskap om organisering og leiing av læringsprosessar i arbeidet med FAL på ein sjølvstendig måte
  • har ferdigheiter til å kunne styrke og vurdere elevane si djupnelæring gjennom FAL

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere læringsløp med FAL inkludert, og samstundes reflektere fagleg kring eigen praksis
  • kan bruke kunnskap om FAL og reflektere over kva effektar ein ønsker hjå elevane, og i tillegg reflektere over eiga faglege utvikling
  • kan legge til rette for eit variert læringsmiljø som er tilpassa, motiverande, og meiningsfylt for både klassa, gruppa og kvar enkelt elev
  • kan bidra til nytenking og innovasjon rundt FAL, kan legge til rette for reflekterande prosessar på eigen skule, og bidra til at FAL blir ein del av skulen sin opplæringspraksis
  • kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fysisk aktiv læring både til spesialistar, eigne kollegaer på skulen og allment.

Krav til forkunnskapar

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Vidareutdanninga er eit tilbod i Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL). Deltakarane på utdanninga må vere tilsette i lærarstilling på ein skule som deltek i SEFAL si kompetanseheving.

Undervisnings- og læringsformer

Fysisk samling lokalt/regionalt tidleg i studieløpet.

Arbeid med videoar og tilviste nettressursar og litteratur.

Synkrone nettsamlingar (i sanntid) i tilknyting til kvar modul med fokus på reflekterande oppsummeringar.

Vurdering for læring med eigenvurdering, kollegavurdering og gruppevurdering.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomført og godkjent refleksjonssirkel for kvar modul, i alt fem modular. Det blir vurdert ved godkjent innlevert video og skriftlege arbeid, individuelt eller i gruppe.

Vurderingsform

Praktisk- metodisk eksamen, i gruppe eller individuelt.

Karakter: bestått/ikkje bestått.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel