Hopp til innhald

M120MU413 Musikkpedagogisk teori 2 inkludert praksis

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet er siste emne i vårsemesteret og handlar om musikkpedagogiske problemstillingar med særleg vekt på forskingstekstar. Praksis er inkludert i emnet. Emnet skal gje omfattande kunnskap om musikkpedagogiske problemstillingar med særleg vekt på metodiske tilnærmingar til musikkpedagogisk forsking og forskingstradisjonar. Praksis tilsvarande 15 arbeidsdagar er inkludert i emnet for ordinære studentar. 4. års GLU-studentar må ha grunnskulepraksis. Studentar som allereie har musikkutdanning på bachelor-nivå kan ha praksis i kulturskule, frivilleg musikkliv eller vidaregåande skule. Eventuelle internasjonale studentar skal ikkje ha praksis, men skal i staden gjennomføre eit obligatorisk arbeidskrav.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har omfattande kunnskap om musikkpedagogisk teori og anvendte forskingsmetodar i feltet
  • har inngåande kunnskap om problemområde i det musikkpedagogiske forskingsfeltet
  • har spesialisert kunnskap om musikkpedagogisk praksis i skule og frivilleg musikkliv

Ferdigheter

Studenten

  • kan analysere, drøfte og vurdere musikkpedagogisk forskingsarbeid og forskingslitteratur
  • kan drøfte musikkpedagogiske problemstillingar på ein reflektert måte
  • kan nytte musikkpedagogiske kunnskapar både praktisk, munnleg og skriftleg på ein analytisk og sjølvstendig måte.
  • kan planlegge, gjennomføre, analysere og drøfte musikkundervisning i skule og/eller frivilleg musikkliv

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende og diskutere forskingsmetodar i fagfeltet på ein sjølvstendig og kritisk måte.
  • kan sjølvstendig analysere, diskutere og forelese om musikkpedagogiske problemstillingar
  • kan gjennomføre musikkundervisning av høg kvalitet og kritisk analysere og drøfte denne.

Krav til forkunnskapar

Ordinære studentar må ha godkjent musikkpedagogisk teori del 1. Internasjonale studentar bør ha grundige kunnskapar om omgrep, teoriar og debattar tilhøyrande det musikkpedagogiske fag- og forskingsfeltet.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar i musikkpedagogisk teori.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og seminar, 2-3 dagar i veka i emneperioden. Det vert føresett aktiv deltaking i undervisning og sjølvstendige litteraturstudiar. Det er forventa at studentar bidreg med framlegg av pensumlitteratur og av eige prosjekt, og kommenterer kvar andre sine framlegg. Det vert forventa at studentane deltek i kollokviegrupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • 15 dagar  praksis for ordinære studentar (sjå retningsliner for praksis). Praksis må vere gjennomført og bestått for å gå opp til eksamen i emnet. Obligatorisk deltaking på innleiande praksisseminar.
  • Internasjonale studentar skal, som erstatning for praksiskravet, gjennomføre ein munnleg presentasjon om musikkundervisning i Noreg samanlikna med sitt heimland. Vurdering: Godkjend/Ikkje godkjend.

Retningsliner for utforming, gjennomføring og vurdering ved kunngjort starten av emnet. 

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen (30 minutt) over oppgitt emne frå pensum. Eksamensoppgåver vert levert ut til alle studentar ca. 4 veker før eksamen, trekking finn stad 2 veker før eksamen. Dato, tid og retningsliner for munnleg eksamen vert kunngjort på Canvas. Eksamensspråk er norsk eller engelsk (valfritt).

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ny/utsatt eksamen vert gjennomført som munnleg eksamen.

Praksis vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Vurderingskriterier er nærare skildra i «Retningslinene for praksis».

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel