Hopp til innhald

PSYK6101 Mennesket, psykiske lidingar og det sosiale miljø

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet vektlegg kunnskap om psykiske lidingar, forståing og innsikt i korleis psykiske lidingar kjennest og kva for konsekvensar dei kan få i kvardagen. Eit sentralt fokusområde er kunnskap om samanhengen mellom biologiske, psykologiske, kulturelle, sosiale og samfunnsmessige forhold for utvikling av psykiske lidingar og val av behandlingsmodell og perspektiv. Det blir lagt vekt på bevisstgjering av eigne haldningar og handlingar overfor andre menneske uansett kultur-, religions- eller gruppetilhøyrsle, og på eiga teoretisk og fagleg forankring og etisk refleksjon relatert til kliniske situasjonar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om faglege og etiske perspektiv i helse- og omsorgsvitskap relatert til menneske med psykiske lidingar
  • har inngåande kunnskap om ulike teoriar for å forstå utviklinga av psykiske lidingar
  • har inngåande kunnskap om brukarmedverknad og betydinga av myndiggjering for fremjing av psykisk helse
  • har inngåande kunnskap om forståingar av forholdet mellom normalitet og avvik
  • har inngåande kunnskap om psykiske lidingar, og kan identifisere så vel samfunnsmessige som biologiske faktorar sin betyding for utvikling av psykiske lidingar
  • har inngåande kunnskap om det psykiske helsefeltet si historiske utvikling og kulturelle forankring
  • har inngåande kunnskap om pårørande si rolle

Dugleik:

Studenten:

  • kan utføre systematisk litteratursøk og utøve kjeldekritikk
  • kan identifisere og halde seg kritisk reflektert i samband med dei etiske og moralske utfordringane til fagområdet
  • kan identifisere og gjere bruk av modellar for myndiggjering og meistring i praktiske øvingar og refleksjon

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan relatere ulike perspektiv, sosiale og psykologiske teoriar til arbeid med menneske med psykiske lidingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, seminar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja

Vurderingsform

Oppgåve i gruppe, med 2-4 studentar, 8 veker. Gradert karakter

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel