Hopp til innhald

PSYK6202 Organisering av tenestene for menneske med psykiske lidingar

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet vektlegg kunnskap om korleis samfunnet ved det offentlege, private og frivillige hjelpeapparatet møter menneske med psykiske lidingar, og korleis psykiatrihelsetenestene kan bli organiserte i framtida. Eit sentralt fokusområde er tverrfagleg samarbeid for å fremje helse og betringsprosessar hjå psykisk lidande. Merksemda blir retta vidare mot bakgrunnen for og konsekvensane av desentraliseringa av tenestene, med vektlegging av brukaren sin medverknad og meistring.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om kva forhold som fremjer betringsprosessar hjå psykisk lidande
  • har inngåande kunnskap om sentrale føringar og lovverk som regulerer arbeidet med menneske med psykiske lidingar
  • har inngåande kunnskap om oppbygging og organisering av dei psykiske helsetenester

Dugleik:

Studenten:

  • kan vurdere kva slags forhold som kan fremje meistring og myndiggjering
  • kan analysere og kritisk vurdere modellar for helsefremjing, omsorg og samhandling
  • kan identifisere naudsynte tiltak for fremjing av psykisk helse på individ- og gruppenivå

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan analysere og vurdere rammevilkåra for psykisk helsearbeid på ulike nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

PSYK6101

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, gruppearbeid, seminar og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja

Vurderingsform

Heimeeksamen, 3 dagar

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel