PU315 Skulen i samfunnet for yrkesfag
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
- Yrkesfagleg kompetanse
- Skulen i samfunnet og tilpassa opplæring
- Pedagogikk og yrkesdidaktikk
- Leiing av læringsprosessar
- Samhandling, kommunikasjon og etikk
- Endring og utvikling
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om skulen i eit samfunnsperspektiv, skulen sitt mandat og skulen som lærande organisasjon.
- har kunnskap om samisk kultur/urfolk og skulen i eit fleirkulturelt perspektiv.
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og kva rettigheiter dei har i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og korleis sette i gang nødvendige tiltak.
- har kunnskap om endringsarbeid, innovasjon og nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innan det yrkespedagogiske feltet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre yrkespedagogisk utviklingsarbeid og bruke relevant forsking for å treffe grunngjevne val.
- kan bruke sin yrkesfaglege, yrkesdidaktiske, pedagogiske og teknologiske kunnskap i relevant og tilpassa fag- og yrkesopplæring.
- kan leggje til rette for læring i ein fleirkulturell skule som tek i vare elevmedverknad og HMS og utvikla sin relasjon- og samhandlingskompetanse.
- kan involvere lokalt arbeids-, samfunn- og kulturliv i yrkesopplæringa.
- kan identifisere særskilte behov hos barn / unge og etablera samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar, til barnet / den unge sitt beste.
Generell kompetanse
Studenten
- kan samarbeide med føresette og andre profesjonar.
- kan reflektere over eiga fag- og profesjonsutvikling og fag- og profesjonsutøving.
- kan konkretisere endringsbehov og har endrings- og utviklingskompetanse for å kunne møta framtidas kompetansebehov.
- kan bruke yrkesetisk kompetanse i profesjonsutøvinga.
- kan ved hjelp av fagleg og yrkesdidaktisk innsikt motivere for elevane si læring, utvikling av yrkesidentitet og yrkesstoltheit.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert lagt vekt på varierte arbeidsmåtar som skal bidra til at studentane reflekterer og ser samanhengen mellom teori og praksis. Arbeidsmåtane skal stimulera til ansvar for eiga og andre si læring. Det vert ei veksling mellom fellesundervisning, gruppeundervisning, rettleiing, individuelt arbeid og sjølvstudium. Canvas er eit viktig kommunikasjon og læringsverktøy i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Eit tverrfagleg utviklingsprosjekt -pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis
- Eit tverrfagleg arbeidskrav med tema vurdering for læring
- All undervisning er obligatorisk. Det er krav om 80% oppmøte i både pedagogikk og yrkesdidaktikksamlingar.
Vurderingsform
Prosjektarbeid. Vekting:50 %
Munnleg eksamen som tek utgangspunkt i prosjektarbeidet. Vektig 50%
Det vert laga mal for eksamen som seier noko om mål, innhald, form, omfang, vurderingskriterium og rettleiing. Ved stryk må studenten levere ny tekst.
Det blir gitt gradert karakter etter skalaen A-F. Begge eksamenane må vere bestått for at eksamen skal bli godkjend.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel