ØKB1105 Marknadsføring
Emneplan for studieåret 2019/2020
Innhald og oppbygging
Aktuelle tema vil vere forbrukaråtferd, , konkurranse, segmentering, posisjonering , og differensiering, produkt, teneste og merkevarestrategi, litt om prisfastsetjing, marknadskommunikasjon inkl. sosiale media, distribusjon, marknadsføringsanalysar, m.m.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten:
- Kan gjere greie for grunnleggande omgrep og teoriar i segmentering, differensiering og posisjonering.
- Kan gjere greie for grunnleggande omgrep og sentrale teoriar i forbrukaråtferd.
- Kan forklare ulike prinsipp for produkt- og tenesteutvikling, merkeliing, marknadskanalar, prissetjing, og marknadskommunikasjon.
- Har kunnskap om marknads- og kundeorientering.
- Har kunnskap om etiske og miljømessige utfordringar i tilknyting til sentrale problemstillingar innan marknadsføring.
- Har kjennskap til bedriftsvaremarknader og relasjonsmarkedsføring.
Ferdigheiter:
Studenten:
- Kan analysere ein marknadsføringscase ut frå kunnskap og teoriar i marknadsføring.
- Kan anvende relevante kunnskapar og teoriar til å analysere konkrete eksempel eller praktiske marknadsføringsproblem i verklegheita.
- Kan bruke fagterminologi i omtale og analyse av bedriften sine marknadsføringstiltak.
- Kan grunngje forslag til tiltak innan marknadsføring.
Generell Kompetanse:
Studenten:
- Kan demonstrere evnen til å sjå ulike delar av marknadsføringstemaene i ein samanheng.
- Har tileigna seg eit kritisk og reflekterande forhold til teoriar og modellar for å forstå og meistre utfordringar som marknadsførarar står over for.
- Har tileigna seg ein fagleg kompetanse som gjer dei i stand til å vurdere ulike marknadsføringstiltak.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing og gruppearbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Del 1 - Individuell fleirvalseksamen midt i semesteret, 45 minutt, 33 %
Del 2 - Skriftleg gruppeeksamen (3-5 personar pr gruppe) ved semesterslutt, 48 timar, 67 %
Karakterskala A-F på begge
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1 - Ingen hjelpemidler tillatt
Del 2 - Alle trykte og skrivne hjelpemidlar tillete
Meir om hjelpemiddel