Hopp til innhald

BØ6-2005 Praksis i rekneskapsførarverksemd

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Gjennom autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og veiledning skal studenten tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet knytt til rekneskapsføring. Praksisdelen skal legge til rette for at studenten skal nytte fleire av dei fire hovudfagområda i BØA planen (Bedriftsøkonomisk analyse, Administrasjonsfag, Samfunnsøkonomi og Metodefag) og sjå samanheng mellom disse. Emnet skal bidra til at studenten får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semester.

Praksis i verksemda skal ha eit omfang på minst 120 timar (7,5 sp). Studenten må sjølv ta ansvar for å få tilstrekkeleg med praksistimar. Det skal utarbeidast kontrakt som regulerer ansvar og oppgåve mellom utdanningsinstitusjon, student og praksisverksemd.  Verksemda stiller med ein fagleg veiledar som har ansvar for oppfølging av studenten.

Studenten må søke på praksisplass og gjennomføre intervju med praksisverksemd. Det vil bli gjennomført eit obligatorisk oppstart seminar der krav til praksisrapport vil bli gjennomgått. I tillegg vil det i dette seminaret bli tydeliggjort forventningar til student, praksisverksemd og læreinstitusjon. Midtvegs i praksisperioden vil det bli avhalde eit obligatorisk seminar.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten skal

  • tileigne seg kunnskapar om bruk av teori og metode gjennom praktisk arbeid i ei verksemd
  • tileigne seg kunnskap om samanheng mellom forskjellige fag i studiet og korleis dei kan nyttast i ei verksemd
  • innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar

 

Ferdigheitar:

Studenten skal  

  • vere i stand til å utføre arbeidsoppgåve innan praksisområde
  • lære å nytte faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan det valte praksisområde
  • finne fram og nytte litteratur som er relevant for utøving av praksisområde 

 

Generell kompetanse:

Studenten har

  • utvida innsikt i det økonomisk/administrative fagområde og i krav og spelereglar i arbeidslivet
  • evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utanfor verksemda 
  • evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
  • innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I praksisperioden skal studenten delta aktivt med avtalte arbeidsoppgåve og samarbeide med praksisrettleiar og andre i verksemda. Studenten skal gjennom praksisperioden legge grunnlag for utarbeiding av praksisrapport gjennom notat/logg/dokument frå bedrift. Studenten må sette seg inn i relevant litteratur og nytte dette i praksisperioden.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eit obligatorisk seminar midtveges i praksispeiode med muntleg presentasjon. Presentasjon skal innleverast for godkjenning.

Vurderingsform

Praksisrapport med sluttvurdering greidd eller ikkje greidd.  Ved resultatet ikkje greidd får kandidaten høve til å forbetre eksisterande praksisrapport.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler.

Meir om hjelpemiddel