Hopp til innhald

FE401 Miljø- og energipolitikk

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i dei viktigaste miljøpolitiske diskursane og ei innføring i metodar for analyse av miljøkonsekvensar av tekniske system og produkt, med hovudvekt på konsekvensanalyse, livssyklusanalyse og økologisk fotavtrykk. Emnet gir ei oversikt over politiske verkemiddel og krav som stimulerer til auka produksjon og bruk av fornybar energi i Noreg.

Emnet gir ein historisk gjennomgang av norsk miljø- og energipolitikk, og det blir lagt vekt på å forstå utviklinga og bakgrunnen for dagens system. Det blir også gitt ein gjennomgang av dei viktigaste aktørane og elementa i den internasjonale energipolitikken. Emnet gir ei grundig innføring i konsesjonsprosessen for energianlegg slik den er forankra i lovverket og praktisk gjennomføring av denne prosessen ut frå krav sett i utgreiingsprogrammet. Det vil også bli gitt ei innføring i bruk av kvalitativ metode, spesielt intervju, til bruk i arbeid med prosjektoppgåva.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Studentane skal ha kunnskap om  dei viktigaste miljøpolitiske diskursane
  • Studentane skal kjenne til dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse, og vurdere desse i forhold til miljø og berekraft
  • Studentane skal ha kunnskap om dei viktigaste aktørane og verkemiddela i nasjonal og internasjonal energipolitikk
  • Studentane skal ha kunnskap om dei viktigaste verkemiddela for å stimulere til auka produksjon og bruk av fornybar energi
  • Studentane skal ha kunnskap om  innhaldet i og framgangsmåten for å søkje om konsesjon for energianlegg
  • Studentane skal ha kunnskap om  ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale norske fagdatabasar

Ferdigheiter

  • Studentane skal kunne utforme en konsesjonssøknad for energianlegg
  • Studentane skal kunne gjennomføre miljøkonsekvensanalyse for energianlegg
  • Studentane skal kunne nytte intervju og dokumentanalyse i prosjektoppgåva
  • Studentane skal kunne søkje og finne fram aktuell fagleg litteratur i sentrale norske ressursar

Kompetanse

  • Ha grunnleggande kompetanse om dei viktigaste miljøpolitiske diskursane, energi- og miljøpolitiske verkemidlar og dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse.
  • Kunne gjennomføre og sende inn konsesjonssøknad for energianlegg.

Krav til forkunnskapar

Nei

Tilrådde forkunnskapar

Nei

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, ekskursjon og gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av to skriftlege arbeid. 

Vurderingsform

Skriftleg gruppebasert oppgåve med grupper på 2-5 studentar.

Karakterskala A-F, der karakter F svarar til ikkje greidd.