Hopp til innhald

FHS8203 Rettleiing teori og praksis

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gjev inngåande innsikt i rettleiing som fagfelt. Studentane får kunnskap om rettleiing gjennom arbeid med teori, metodar og praktisk øving. Emnet har relevans for rettleiing av studentar i praksis i helse- og sosialfagutdanningar, og for rettleiing av kollega, pasientar, brukarar, klientar og andre. 

Undervisninga vil ta utgangspunkt i sentrale rettleiingsmetodar, teknikkar og strategiar i eklektisk rettleiing, der pedagogisk, systemisk og gestalt-perspektiv spelar sentrale roller. Sentrale tema frå innførings- og påbyggingsemna vil bli vidareført. Studiet legg særleg vekt på at studentane utviklar eigen relasjonskompetanse ved å vere oppmerksom på og vurdere kritisk eiga evne til kommunikasjon og refleksjon. Tilhøvet mellom makt, etikk og rettleiing er sentralt i emnet.  

Emnet byggjer på emna FHS8201 og FHS8202. Eksamen i FHS8202 kan vere utgangspunkt for plan for praksis. Praksis i emnet utgjer 40 timar totalt, der 20 av timane blir organisert av studenten, fortrinnsvis på eigen arbeidsplass, der studenten rettleiier andre individuelt og/eller i gruppe. Dei 20 neste timane får studenten rettleiing i gruppe saman med mestudentar, med lærar som rettleiar. 

Læringsutbytte

Kunnskapar 

Studenten  

  • har inngåande kunnskap om dei viktigaste teoriar, etiske prinsipp og metodar i rettleiing 
  • har inngåande kunnskap om rettleiar si rolle i individuell rettleiing og grupperettleiing  
  • har inngåande kunnskap om å planleggje og gjennomføre eit rettleiingsløp  
  • har inngåande kunnskap om makttilhøve og etiske utfordringar i rettleiingssituasjonar
  • har inngåande kunnskap om kva rolle rettleiing kan spele i eit praksisfellesskap 
  • har inngåande kunnskap aktuell forsking 

  Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan planlegge, gjennomføre, analysere og vurdere ein rettleiingssituasjon / prosess 
  • legg til rette for dialog og samhandling i individuell rettleiing og grupperettleiing 
  • kan vurdere og bruke aktuelle rettleiingsmetodar til ulike rettleiingssituasjoner
  • kan vurdere makttilhøva i rettleiingssituasjon 
  • kan reflektere kritisk over eiga rolle som rettleiar 

 

Generell kompetanse 

Studenten 

  • kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoriar opp mot kvarandre
  • kan analysere, vurdere, grunngje og gjere greie for rettleiing som fag og praksis 
  • kan identifisere aktuelle tema for rettleiing 
  • kan reflektere kritisk over og analysere eiga rolle i rettleiing 
  • kan identifisere og vurdere etiske dilemma i rettleiing 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

FHS8201 og FHS8202  

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing, studentaktive læringsformer, øving i grupper, kollokviegrupper, praksis inkludert veiledning på veiledning 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

Arbeidskrav 1: Tilstades på tre undervisningssamlingar à tre dagar. 

Arbeidskrav 2: Etter første samling: skrive ei teoretisk oppgåve på max 2000 ord, om sentralt tema i rettleiing /sentrale prinsipp i eit rettleiingsløp - med medstudentrespons på tredje samling. 

Arbeidskrav 3: Etter andre samling: ta opptak av rettleiing frå praksis - transkribere opptaket som skal vere anonymisert og frivillig. (5-10 minutt transkribert tekst presenterast i gruppe der det blir gitt medstudentrespons og lærarrespons) Dette arbeidskravet er utgangspunkt for skriftleg eksamen. 

Vurderingsform

Vurderingsform

Eksamen er ei skriftleg oppgåve med utgangspunkt i arbeidskrav, på max 3500 ord.  

Vurderingsuttrykk 

Gradert karakterskala A-F  

 

Ny eksamen 

Ved ikke bestått leverer studenten bearbeidet, skriftlig besvarelse til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel