Hopp til innhald

FKN801 Friluftsliv i kystnære naturmiljø

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet Friluftsliv i kystnære naturmiljø er ein introduksjon til det pedagogiske potensialet som ligg i bruk av ulike friluftslivsaktivitetar i ulike naturtypar. Emnet har eit tverrfagleg perspektiv. Gjennom ekskursjonar vil studentane få kunnskap og erfaring med flora og fauna i Sunnhordlands regionen. Alt innhald i emnet vil bli sett inn i ein friluftspedagogisk kontekst gjennom teoretisk og praktisk undervisning.

Emnet legg opp til at studentane skal lære å reflektere kritisk rundt pedagogisk bruk av natur som læringsarena.

Undervisninga vil vere samlingsbasert. Mykje av undervisninga er lagt til ekskursjonar med døgnkontinuerlig verksemd (9 dagar) i tillegg til nettundervisning mellom samlingane.

Emnet overlapper 15 studiepoeng med emnet FG-130 Fjords & Glaciers.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studentane ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om potensiale naturtypar langs kysten (havstrand, kystfuruskog, fjell) har som læringsmiljø i tverrfagleg samanheng
  • har metodisk og didaktisk kunnskap til å gjere vurderingar knytt til pedagogisk aktivitet i naturen langs kysten.
  • har kunnskap om naturtypar langs kysten, planter og dyr lokalt og korleis menneske påverkar naturen
  • har kunnskap om gjeldande norm for førebygging av ulykker og sikker gjennomføring av aktivitet i kystnatur

Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for pedagogisk bruk av friluftsliv og kystnatur til opplevingar, erfaringar, utforsking, leik og læring
  • kan planlegge og gjennomføre tverrfaglege aktivitetar i kystnatur på en trygg og ansvarleg måte
  • kan kartlegge og analysere nærmiljøets moglegheiter for leik og læring som fremmar nysgjerrigheit og oppdagarglede hos barn og unge

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre om å utvikle, gjennomføre og evaluere tverrfaglege pedagogiske aktivitetar i natur
  • kan reflektere kritisk over eiga og andre sin didaktikk og pedagogiske perspektiv når ein underviser ute i ulike naturmiljø
  • kan vurdere analytisk korleis natur og friluftsaktivitetar kan bidra til heilskapleg utvikling og læring hos barn og unge

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God nok fysisk form til å kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til praktisk aktivitet, førelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid med fokus på studentaktive læringsformer. Nokre førelesingar og gruppearbeid vil være nettbasert. Obligatoriske læringsaktiviteter må vera godkjente for at studenten kan avlegge eksamen.

Ekskursjonar:

  • Friluftslivsaktivitetar knytt til skog og fjell langs kysten (varighet 3 dagar)
  • Nærfriluftsliv knytt til fiske og kystmiljø (varighet 3 dagar)
  • Ferdsel (båt, kano og kajakk) og kystkultur (varighet 3 dagar)

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske læringsaktiviteter må vera godkjente for at studenten kan avlegge eksamen.
Aktiv deltaking på samlingar, praktisk aktivitet og ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering).

Refleksjonsnotat frå kvar samling (to i grupper og eit individuelt):

1. I gruppe med fokus på tverrfagleg didaktisk arbeid knytt til pedagogisk aktivitet i kystmiljø.

2. I gruppe med fokus på karakteristiske naturtypar, planter og dyr i Sunnhordlandsregionen.

3. Individuelt med fokus på kartlegging og analyse av nærmiljø og korleis natur og friluftsaktivitetar kan bidra til heilskapleg utvikling og læring hos barn og unge.

Vurderingsform

Digital individuell munnleg eksamen (30 minuttar).  

Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • FG-130 - Fjord og Bre - Reduksjon: 15 studiepoeng