Hopp til innhald

KRO805 Fysisk aktiv læring

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studiet er bygd opp rundt desse innhaldselementa:

- Bevegelse integrert i undervisninga, modellar og teoriar om aktuelle læringsformer

- Metodar for planlegging og vurdering for læring

- Forskingsstatus for kunnskap om fysisk aktiv læring

- Ressursar i fysisk aktiv læring, basar, utstyr og arbeidsmetodar

- Metodar for observasjon og vurdering av fysisk aktiv læring og eigen praksis

 

Studiet er sett saman av 5 modular, og vert avslutta med ein praktisk eksamensmodul.  

Kvar modul inneheld eit eller fleire tema som kandidaten skal ha fokus på.

Modulen er bygd opp av prinsippa; planlegging, gjennomføring og etterarbeid.

  1. Planlegging av undervisningsforløp i eigen praksis der fysisk aktiv læring er integrert
  2. Gjennomføring av undervisningsforløp der utvalde element skal dokumenterast med video
  3. Etterarbeid med refleksjon på eigen og medstudenter sin praksis.

Modulane byggjer på kvarandre.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

 Studenten

• har inngåande kunnskap om teori og forsking i fysisk aktiv læring (FAL), og kva effektar ein kan oppnå gjennom bruk av metodikken

• har avansert kunnskap om teoretiske perspektiv på fysisk aktivitet integrert i undervisninga og læringsprosessar i skulen

Ferdigheiter

Studenten

• kan analysere læringssituasjonar, og ut frå det kritisk anvende teoretiske kjelder til å planlegge undervisning der FAL er naturleg integrert

• kan gjennomføre vurdering for læring med FAL integrert i undervisninga med utgangspunkt i relevant teori

• kan bruke kunnskap om ulike perspektiv på organisering og leiing av læringsprosessar i arbeidet med FAL på ein sjølvstendig måte

• har ferdigheiter til å kunne styrke og vurdere elevane sine læringsprosessar gjennom FAL

Generell kompetanse

Studenten

• kan planlegge, gjennomføre og vurdere læringsløp med FAL inkludert, og samstundes reflektere fagleg kring eigen praksis

• kan bruke kunnskap om FAL og reflektere over kva effektar ein ønsker hjå elevane, og i tillegg reflektere over eiga faglege utvikling

• kan legge til rette for eit variert læringsmiljø som er tilpassa, motiverande, og meiningsfylt for både klassa, gruppa og kvar enkelt elev

• kan bidra til nytenking og innovasjon rundt FAL, kan legge til rette for reflekterande prosessar på eigen skule, og bidra til at FAL blir ein del av skulen sin opplæringspraksis

• kan kommunisere faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fysisk aktiv læring både til spesialistar, eigne kollegaer på skulen og allment.

Krav til forkunnskapar

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). 

Vidareutdanninga er eit tilbod i Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL). Deltakarane på utdanninga må vere tilsette på ein skule som deltek i SEFAL si kompetanseheving.

Undervisnings- og læringsformer

Fysisk samling lokalt/regionalt.

Arbeid med videoar og tilviste nettressursar og litteratur.

Synkrone nettsamlingar (i sanntid)  med fokus på reflekterande oppsummeringar av modulen, og faglege introduksjonar for neste modul.

Vurdering for læring med eigenvurdering, kollegavurdering og gruppevurdering.

Obligatorisk læringsaktivitet

Gjennomført prosessar og godkjent innlevering av video og skriftlege arbeid, individuelt og/eller i gruppe, for kvar modul.

Vurderingsform

Praktisk eksamen i gruppe, omfang 120 min.

Bestått/ikkje bestått.

Skriftleg førebuing på minimum 3 veker.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel