Hopp til innhald

MA334 Matematikk 1, 5-10, del 2, nettbasert

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Matematikk 1 del 2, er det andre av to emne i faget matematikk 1 (30stp) som saman med matematikk 2 (30stp) kvalifiserer for å undervise i matematikk på trinna 5-10 i grunnskulen. Emnet er både matematikkfagleg og didaktisk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har god undervisningskunnskap på trinna 5-10 geometri, statistikk og sannsynsrekning
  • har kunnskap om det matematikkfaglege innhaldet på dei ulike trinna i grunnskulen og  vidaregåande skule. Kunnskap om modellering er òg vektlagt
  • har kunnskap om undervisningsmetodar og læringsteoriar i matematikk, som mellom anna omfattar språk og kommunikasjon. Studenten har òg kunnskap om aktuelle digitale verktøy for matematikk. Han kan lese og uttrykke seg munnleg og skriftleg i matematikk og har kunnskap om rekning som grunnleggande ferdigheit i alle skulefag

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge og gjennomføre matematikkundervisning på varierte måtar for trinna 5-10 og vurdere desse . Studenten har blant anna evne til å inkludere elevane og fremje undring, matematisk argumentasjon og kreativitet. Han kan òg tilpasse opplæringa til dei ulike elevane og kan blant anna bruke kartleggingsprøver for å vurdere og tilpasse opplæringa til den enkelte elev
  • har gode praktiske ferdigheiter i matematikk av munnleg og skriftleg karakter. Studenten kan òg kommunisere med elevar, lytte til og forstå deira tenkjemåtar og løysingsmetodar.
  • har erfaring med analyse og arbeid med læreplanen i faget og innhaldet i den pågåande fagfornyinga

Generell kompetanse

Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i samarbeidsprosjekt med tanke på å forbetre praksis i matematikkfaget

Undervisnings- og læringsformer

Tilbodet er ein del av satsinga kompetanse for kvalitet. Emnet går over eitt semester, og er eit rent nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect etter opptaket.

Emnet har fem arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Emnet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Emnet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er obligatorisk frammøte til nettundervisninga.

Praksis

Det vert ikkje krav om eigen praksis, men deler av arbeidskrava skal knytast til praksis.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fem skriftlege innleveringar.

Eitt av arbeidskrava skal omhandle utprøving av ny kunnskap i eigen klasse, og erfaringsdeling med andre studentar i nettseminar.

Eitt av arbeidskrava skal omhandle arbeid med digital kompetanse i matematikkundervisninga.

Deltaking i nettundervisninga er obligatorisk.

Vurderingsform

Munnleg, nettbasert eksamen. Individuelt eller i gruppe

Ved sensur av emnet vert det nytta karakterskalaen A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel