Hopp til innhald

MUND4C213 Matematikk fagdidaktikk - del 2

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emne 4c, Matematikk fagdidaktikk, er ei av fire moglege fagfordjupingar i studiet Master i undervisingsvitskap. Dette inneber å studera korleis matematisk kunnskap vert utvikla, kommunisert og brukt. Studentar som vel denne fordjupinga, skriv ei masteroppgåva knytt til matematikkdidaktikk som vitskapsfelt og praksisutøving. Emne 4c gir grunnlag for forskinga masteroppgåva krev. Emnet er delt i to sideordna delar som kvar er 15 studiepoeng, og der del 1 er lagt til andre semester og del 2 til tredje semester. Del 2 inneheld ein matematisk og ein matematikkdidaktisk komponent.

Innhaldet i studiet består av ein matematisk og ein matematikkdidaktisk komponent. Desse skal studerast parallelt, slik at dei får gjensidig innverknad på kvarandre. Dei skal òg kunne knytast til praksiskomponenten i del 1 av emnet. Emnet skal danna grunnlag for arbeid med Emne 5: Masteroppgåva.

Matematisk komponent

  • matematikkfagleg litteratur som skildrar matematikkens natur, historie og filosofiske grunnlag
  • matematikkfagleg litteratur som illustrerer logisk oppbygging, samt argumentasjon og språksetting innanfor matematikkfeltet
  • Aktuelle tema er matematisk modellering, statistikk, grafteori og elliptiske kurver

Komponent med matematikkdidaktisk teori om

  • identifisering, studie og stimulering av elevar sine munnlege og skriftlege matematiske resonnement
  • matematiske samtalar
  • skildrar ulike læringsteoretiske tilnærmingar til undervising
  • matematisk tekstutvikling
  • språkbruk der matematikk inngår som del av argumentasjon

Undervisinga i emne 4c, del 2, er lagt til 3. semester i masterutdanninga og kan gå parallelt med emne 5, Masteroppgåva.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter avslutta studium har studenten kunnskapar om

  • logiske oppbyggingar av matematikk, eksemplifisert ved kursets fordjuping i eit eller fleire matematiske tema
  • korleis identifisera, studera og stimulera elevar sine munnlege og skriftlege matematiske resonnement og argument
  • matematiske samtalar elevar og lærarar fører, og vilkår for å utvikla læringssamtalar
  • korleis ulike læringsteoriar gir innsikt i læring og undervising i matematikk
  • elevar sin matematiske språkkompetanse
  • korleis matematisk argumentasjon inngår i kulturelle og sosio-politiske samanhengar
  • vilkår for elevar si matematikklæring, og korleis ein legg til rette for og tek del i matematiske læringsprosessar

Ferdigheiter

Etter avslutta studium kan studenten

  • legga til rette for og ta del i eigen og andre sine matematiske læringsprosessar
  • identifisera og stimulera elevar sine munnlege og skriftlege matematiske resonnement
  • legga til rette for matematiske samtalar i undervisings- og læringssituasjonar, også i interkulturelt perspektiv
  • bruka læringsteoriar for å få innsikt i matematiske læringsprosessar
  • identifisera språklege aspekt ved elevar si utvikling av matematisk kompetanse, og ha grep for å utvikla fleirspråklege læringsmiljø i matematikk
  • kritisk forstå og diskutera matematikkdidaktiske forskingsartiklar knytt til fokus, resultat og truverd

Generell kompetanse

Etter avslutta studium kan studenten

  • gjera greie for oppbygginga av eit bestemt matematiske emne, inkludert matematiske uttrykksmåtar og argumentasjon
  • dokumentera kunnskapar om korleis utvikling av matematisk kunnskap føregår, generelt og hjå elevar
  • identifisera, skildra og stimulera matematisk tenking hjå elevar
  • dokumentera innsikt i læringsteori og matematikkdidaktikk for å identifisera, skildra og meistra didaktiske utfordringar i ein skulekontekst
  • vera ressurs for lærarmiljø og medverka til nyskaping gjennom utviklingsarbeid i skulen med grunnlag i praksisteoretiske kunnskapar og innsikt i kulturell samfunnsutvikling

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga skjer i form av førelesingar, seminar og individuell rettleiing og vil veksle mellom undervising og studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal dokumentera matematikkfagleg innsikt gjennom framlegg og diskusjon i eit matematisk tema for med-studentar.

Vurdering: godkjent/ikkje godkjent. Studentar som ikkje får godkjent får eitt nytt forsøk. Utan godkjend arbeidskrav får studenten ikkje ta eksamen.

Godkjent arbeidskrav er gyldig i dei tre påfølgande semestera etter godkjenninga.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i form av eit føredrag, 30 minutt.

Studentane skal halda eit føredrag over eit sentralt tema i emne 4c (både del 1 og del 2). Temaet skal godkjennast og rettleiast av faglærar. Krav til innlegget vert gitt ved semesterstart.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på Canvas.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel