NO336 Norsk 1 , del 2 (1.-7.), Mellomtrinnet, nettstudium
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Norsk 1, del 2 , 1-7 Mellomtrinnet er eit vidaregåande kurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.
Norsk 1 er delt i to modular à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NO336, modul 2, gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale emne er:
- Vidare lese- og skriveopplæring
- Teksttypar og sjangrar
- Barne- og ungdomslitteratur
- Munnleg bruk av språket
- Norsk som andrespråk
- Respons og vurdering
Begge modulane samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på barne- og mellomsteget.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike teksttypar og sjangrar, både munnlege, skriftlege og multimodale.
- har kunnskap om lese- og skrivestrategiar
- har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot born og ungdom
- har kunnskap om kva som skal til for å tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1. til 7. trinn og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1. til 7. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan leggje til rette for at elevane kan skrive i ulike sjangrar og medium
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og ut frå læringsutbytet til elevane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
Generell kompetanse
Studenten
- har erfaring med analyse og arbeid med læreplanen i faget og innhaldet i den pågåande fagfornyinga.
- kan nytte læreplanen for å formulere mål for og vurdering av opplæringa
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon og nytte denne kunnskapen til å tilpasse opplæringa for elevane
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan reflektere over kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet i faget og arbeidsmetodar i skulen
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet av modul 2 går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Zoom.
Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.
Det er minst fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i lese- og skriveopplæringa. Kollegarespons står sentralt.
Vurderingsform
Mappevurdering:
- Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Vekting: 60 %
- Videoinnlevering i studiegruppe. Vekting: 40 %
Bokstavkarakter A-F.
Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen.
Ved stryk på mappe, skal omarbeidd tekst leverast.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel