NOU802 Språkkunnskap for 5.-10. trinn
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Norsk 1, emne 2 Språkkunnskap er andre del av eit grunnleggjande kurs for lærarar som fortrinnsvis vil undervise i norsk på mellomsteget og ungdomssteget i grunnskolen. Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Emne 1, Tekstkunnskap går hausten, og emne 2, Språkkunnskap, går våren. Til saman gir dei to emna ei grundig innføring i norsk språk og litteratur og tar for seg korleis ein kan arbeide med faget norsk i klasserommet. Norsk 1 (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med allmennlærarutdanning.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 (2006) må ein lærar ha 60 studiepoeng norsk for å undervise i faget på ungdomssteget. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og er det første steget fram mot ein tilstrekkeleg kompetanse for å undervise på ungdomssteget.
Samhandling gjennom tekst er det berande prinsippet og det faglege grunnlaget for kompetanseutviklinga i dette norskstudiet.
I emnet Språkkunnskap står norsk grammatikk sentralt. Kurset vil gi ei systematisk innføring i norsk lydlære, ordlære, setningslære og tekstlære. Desse språknivåa blir kopla tett til arbeid med elevtekstar. Lese- og skriveopplæring for elevar på mellomsteget og i ungdomsskolen vil stå sentralt i emne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter
- har kunnskap om lese- og skriveopplæring
- har kunnskap om lesing og lesestrategiar
- har kunnskap om arbeid med elevtekstar
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
- kan bruke varierte arbeidsmåtar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan vurdere ulike norskfaglege læringsressursar
- kan bruke digitale verktøy i norskfaget
- meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
Generell kompetanse
Studenten
- kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- har blikk for mangfaldet i elevgruppa og kan gjere greie for tilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere eigen praksis ut frå gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er organisert som ein kombinasjon av sjølvstudium, nettbasert arbeid og tre samlingar. Studiestøttesystemet er Canvas. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.
Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte til samlingane.
Studentane må levere og få godkjent ei læringsmappe med tre obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved studiestart. Oppgåvene skal skrivast på nynorsk. To av innleveringane vil bli brukt til mappevurdering.
Arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Mappevurdering med to tekstar frå læringsmappa. Ei oppgåve blir bestemt av høgskulen. Den andre er sjølvvald.
Målform: nynorsk.
Tid for innlevering av eksamansmappa blir opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel