Hopp til innhald

PL412 Landskapsinngrep

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Vurdering av utbygging i landskapet, i forhold til formål og landskapskonsekvensar. Økologiske, visuelle og samfunnsmessige konsekvenser på ulik skala vert drøfta. Utbyggingstypar faget tek for seg er kraftutbygging, inkludert vindkraftanlegg, veganlegg, og større rekreasjonsanlegg (t.d. hytteområde og alpinanlegg). Introduksjon til konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova. Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Studentane skal gjennomføre ei prosjektoppgåve som omfattar ei vurdering av dei visuelle og økologiske konsekvensane av ei utbygging i landskapet. Oppgåva skal omfatte analyse av landskapet på ulike skalaer og terrengforming i detaljplan.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Forstå konsekvensar av ulike typar utbyggingar, og korleis desse varierer for ulike typar landskap.

Ferdigheiter

  • Kunne forme terreng og visualisere terrengendringar gjennom grunnleggande kart-teikning.

Kompetanse

  • Kunne gjere greie for økologiske og visuelle konsekvensar av ulike store landskapsinngrep.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Det er anbefalt å ha gjennomført PL416 Landskapsanalyse

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og ekskursjonar. Individuelle øvingsoppgåver og gruppeoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Individuell oppgåve i terrengforming

Gruppeoppgåve i utvalgt tema, vil variere mellom år.

Gruppeoppgåve i landskapsøkologi med munnleg presentasjon.

Vurderingsform

Eksamen del 1: Skriftleg oppgåve i gruppe på 3 - 5 deltakarar. 60% av samla karakter.

Eksamen del 2: Multiple choice eksamen. 40% av samla karakter.

Ved stryk må ny oppgåve løysast.

Bokstavkarakter A-F.

Fagleg overlapping

  • PL412 - Landskapsinngrep og terrengforming - Reduksjon: 10 studiepoeng