Hopp til innhald

SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstenestene

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet tek føre seg det offentlege si rolle som forvaltar av velferdsgode. Hovudfokus for emnet er rammevilkåra for sosialt arbeid og korleis desse påverkar handlingsrommet.

I emnet vert det innføring i demokrati og politisk organisering på kommunalt og statleg nivå. Studentane skal tileigne seg ei forståing for politisk styring og betydinga av demokrati og sentrale demokratiske prinsipp.

Gjennom ei innføring i velferds- og sosialpolitikken tek vi opp korleis politiske føringar og diskusjonar er sentrale premissar for utforminga av velferdstenestene. Studentane skal opparbeide seg kunnskap om sosialarbeidaren si rolle i utføring og utforming av sosialpolitiske målsetjingar.

Emnet inkluderer ei innføring i juridisk metode, forvaltningsrett og trygde- og sosialrett som skal kombinerast med ferdigheitstrening i sakshandsaming og dokumentskriving.  

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten…

  • har brei kunnskap om velferdspolitiske mål og verkemiddel, ulike velferdsmodellar og velferdspolitikkens betyding for sosialt arbeids praksis
  • har kunnskap om ansvars- og arbeidsfordeling i velferdsforvaltinga, tverrprofesjonelt samarbeid og samspelet mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • har kunnskap om velferdsstatens utvikling og utviklinga av profesjonar i etterkrigstida
  • har kunnskap om relevant juridisk metode og sentral lovgivning innen velferdsforvaltning, herunder forvaltningsrett og lovgivning innen velferd og sosiale tjenester
  • har kunnskap om tilhøve som regulerer norsk arbeidsliv

Ferdigheiter:
Studenten…

  • kan bruke rettsreglar, opplyse om rettar og plikter og utøve juridisk og sosialfagleg skjøn i møtet med enkeltpersonar, familiar og grupper, mellom anna samiske brukarar

Generell kompetanse:
Studenten…

  • har kjennskap til maktstrukturar og maktutøving i samfunnet
  • har kjennskap til politiske og administrative vedtaksprosessar og korleis sosionomar kan medverke til allmenn opplysing og politisk rådgjeving
  • har kjennskap til og kunne reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møtet med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga

Krav til forkunnskapar

Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp på bachelor i sosialt arbeid.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert studentaktive arbeidsformer vektlagd / Det vært nytta studentaktive læringsformer i form av litteraturstudium, digital undervisning i form av digital undervisning i Canvas, førelesningar, seminar, gruppearbeid og munnleg studentpresentasjon, ferdigheitstrening i oppgåveskriving.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Krav om 80% deltaking ferdigheitstrening, sakshandsaming og dokumentskriving.
  2. Individuell skriftleg oppgåve. Omfang: 3500 ord +/- 10 %.

Godkjende læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.

Vurderingsform

Eksamen

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk:

Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.

Ny eksamen

Ny skuleeksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSO115 - Marginalisering, velferdsordningar og sosialt arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • SOS5-107 - Sosialt arbeid i velferdstenestene - Reduksjon: 15 studiepoeng