BLU-LSU Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Det overordna målet med kunnskapsområdet er å styrkja studenten sine kunnskapar om barnehagen som organisasjon og kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse innan viktige sider ved leiings- samarbeids- og utviklingsoppgåvene i barnehagen.
Innhaldet i området byggjer på den innsikt, erfaring og kompetanse studenten har tileigna seg på desse områda i dei to første åra av studiet.
Innhaldet i kunnskapsområdet leiing, samarbeid og utviklingsarbeid er sett saman av stoff frå faga pedagogikk og samfunnsfag. Det er organisert i følgjande bolkar:
- pedagogisk leiing, personalleiing og kommunikasjon
- barnehagen som lærande organisasjon
- forskings- endrings og utviklingsarbeid i barnehagen
- formelle og uformelle trekk ved barnehagen som organisasjon
- organisasjonsåtferd og avgjerdsprosessar
- samarbeid i barnehagen og samarbeid med heimen og med eksterne instansar
Gjennomgåande tema for alle kunnskapsområde i studiet er:
- pedagogisk leiing
- mangfald og likeverd
- dei yngste borna
- borns medverknad
- didaktikk
Praksis i kunnskapsområdet
15 dagar haust
Innhald og oppgåver i praksis skal vera i tråd med læringsutbyttet i kunnskapsområdet.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten:
- har kunnskap om organisasjon og leiing
- har kunnskap om lover, styringsdokument og internasjonale konvensjonar med relevans for barnehagen
- har kunnskap om relevant forsking, metodar og verktøy som grunnlag for leiing- og utviklingsarbeid
- har kunnskap om profesjonsetikk og maktforhold innanfor eit mangfoldig barnehagemiljø
- har kunnskap om korleis eigen leiing påverkar samarbeidsprosessar mellom barn, foresatte, kollega og eksterne instansar
Ferdigheitar
Kandidaten:
- kan analysere og bruke lovverk, styringsdokument og profesjonsetiske retningsliner som grunnlag for grunngjeving og avgjersler innanfor eit mangfaldig barnehagemiljø
- kan planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere eit avgrensa utviklingsarbeid i barnehagen sjølvstendig og i samarbeid med andre
- kan motivere, rettleie og kritisk reflektere over utviklings- og læringsprosessar i barnehagen
- kan samarbeide med foresatte og eksterne instansar til barn sitt beste
Generell kompetanse
Kandidaten
- har innsikt i og kan anvende forskingsbasert kunnskap og profesjonsetikk i utvikling av eigen leiarrolle
- kan leie pedagogisk arbeid og ta avgjersler som fører til utvikling av barnehagen som lærande organisasjon
- kan vurdere korleis strukturelle og kulturelle forhold i og utanfor organisasjonen legg rammer for leiings og utviklingsarbeid
- har relasjonell kompetanse i leiing- og samarbeidsprosessar med barn, foresatte, kollega og eksterne instansar
Krav til forkunnskapar
Bestått praksis frå dei to første studieåra og alle emne frå 1. studieår.
Tilrådde forkunnskapar
1. og 2. studieår
Undervisnings- og læringsformer
I arbeidet med stoffet i kunnskapsområdet må studentane delta aktivt i ulike undervisnings og læringsaktivitetar. Arbeidsmåtane vil variera frå førelesningar, arbeid i seminarer og i mindre grupper, praktiske prosjekt, rettleiing og individuelt arbeid med ulike oppgåver. I tillegg vert det forventa sjølvstudium av utvalde delar av pensum.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Førebuing til praksis (gjeld eksamensdel praksis)
Vurderingsform
Del 1: Barnehagepraksis - 15 dagar (0/100): bestått / ikkje bestått
Del 2: Heimeeksamen - 3 dagar (100/100): gradert karakter (A-E, og F er stryk)
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle trykte og skrevne hjelpemiddel er tillate
Meir om hjelpemiddel