Hopp til innhald

LSU1 Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Studenten skal gjere seg kjent med innhaldet i denne planen, og med dei utfyllande retningslinjene for praksisstudiet.

Dette er det første emnet i kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid. Emneplanen byggjer på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærerutdanning og emnet er ein obligatorisk del av bachelorstudiet barnehageutdanning. Det er lagt til tredje studieåret. Kunnskapsbasen byggjer i hovudsak på faga pedagogikk og samfunnsfag.

Det overordna målet for kunnskapsområdet er å styrke kompetansen til studenten på profesjonsfaglege tema som leiing, rettleiing, organisasjonskunnskap og samarbeidsprosessar i barnehagen. Innhaldet i kunnskapsområdet byggjer vidare på den kompetansen studenten har opparbeidd seg dei to første studieåra. Kunnskapsområdet tematiserer pedagogisk leiing i barnehagen og leiing av endrings og utviklingsprosessar i eit mangfaldig barnehagelandskap. Gjennom praksisarbeid skal studenten få erfaring med ulike arbeidsmåtar og reiskap som egnar seg til å utforme strategiar, setje i gang og leie utviklingsarbeid. I tillegg vert barnehagen som organisasjon og ulike samarbeidsprosessar i barnehagen arbeidd med i denne delen av studiet

Innhaldet i emnet er strukturert etter temaene:

  • Barnehagen som lærande organisasjon
  • Leiing og samarbeid
  • Barnehagen i samfunnet

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om pedagogisk leiing og rettleiing
  • har kunnskap om ulike perspektiv på organisasjonar
  • har kunnskap om leiing av endrings- og utviklingsprosessar og ulike teorier om leiing
  • har kunnskap om samarbeidsprosessar mellom barnehagen og interne/ eksterne aktørar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vise sjølvstende i å leie pedagogisk arbeid på ulike nivå
  • kan analysere barnehageorganisasjonen
  • kan ta i bruk metodar og verktøy i samband med endrings- og utviklingsprosessar
  • kan ta i bruk rettleiing i samband med utvikling av barnehagen
  • kan vise sjølvstende i å samarbeide med interne/eksterne aktørar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan leie pedagogisk arbeid som fører til utvikling av praksisen i barnehagen
  • er bevisst på korleis strukturelle og kulturelle tilhøve legg rammer for leiing av endrings- og utviklingsprosessar
  • kan vere i konstruktiv dialog med interne og eksterne aktørar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentane må rekna med at deler av undervisninga er obligatoriske. Dette kan til dømes være  undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Oppmøte blir rekna som godkjent og fråver som ikkje godkjent. 

Arbeidsmåtane vil variere frå førelesningar, arbeid i seminar og mindre grupper, praktiske prosjekt og rettleiing. I tillegg vert det forventa eigeninnsats knytt til delar av pensumlitteraturen.

Høgskulen nyttar Canvas som elektronisk læringsplattform som studiestøttesystem, og det det er ein føresetnad at studentane brukar dette aktivt. Mange av studieaktivitetane og mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga skjer her. Studentane skal bruke studiestøttesystemet, aktuelle nettkjelder i emnet og aktivt bruke biblioteket ved høgskulen.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Individuell skriftleg oppgåve. Oppgåva blir nærare presisert etter semesterstart.
  • Godkjent grupperapport frå pedagogisk utviklingsarbeid.
  • Studentane skal gjere organisasjonsanalyse i ein eller fleire barnehager. Munnleg presentasjon i klassen.

Arbeidskrava vert vurdert etter skalaen godkjent/ ikkje godkjent. Arbeidskravet må vere levert til fastsett innleveringsfrist for å bli vurdert. Dersom eit arbeidskrav vert vurdert til ikkje godkjent eller ikkje blir levert til fastsett frist, får studenten ein sjanse til ny innlevering same semester.

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minutter.

Studenten tek utgangspunkt i to tekstar fra 1. og 2. studieår, kalt Refleksjonsnotat - å bli leiar (knytt til to kunnskapsområder). Tekstane omhandlar studenten sin utvikling som pedagogisk leiar. Overflyttingsstudentar skal ta utgangspunkt i praksisoppgåver dei har skrive første og andre studieår.

I løpet av studiet i LSU1 lagar studenten ein samlingstekst som omhandlar studenten si utvikling av profesjonsidentitet i dei tre studieåra. Teksten skal ha referanse til aktuell faglitteratur. Denne teksten, i tillegg til pensumlitteratur og rapporten frå utviklingsarbeidet, vert grunnlag for munnleg eksamen. 

Eksamen er todelt og består av følgjande delkomponentar:

  • Del 1: 10 minutter framlegg fra samletekst
  • Del 2: 20 minutter trekkje og svare på ei oppgåve som  er knytt til pensum

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Tid og stad for eksamen vert annonsert på høgskulens læringsplattform.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel