NO338 Norsk 1, del 2 (5.-10.): Elevens tekst, nettstudium
Emneplan for studieåret 2020/2021
Innhald og oppbygging
Norsk 1 er delt i to modular à 15 studiepoeng. Vårsemesteret, med emnekode NO338, gjev deg teoretisk og didaktisk grunnlag for å jobbe med den andre leseopplæringa, litteratur og å utvikle eleven si eiga skriving. Sentrale emne er:
Prinsipp og metodar i leseopplæringa
Vidare leseopplæring
Barne- og ungdomslitteratur
Tekstomgrepet
Teksthandlingar, med vekt på forteljande og argumenterande tekstar
Elevtekstanalyse, med hovudvekt på mellomsteget og ungdomssteget
Vurderingsmåtar
Språknormering og rettskriving
Lesing og skriving på begge målformer
Kjeldebruk, tekstbehandling, oppgåveskriving
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har brei kunnskap om relevante teoriar om lesing, og leseopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om lesestrategiar
- har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har gode kunnskapar om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot ungdom og vaksne lesarar
- har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kan kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
- kan analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- kan bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
- kan stimulere den estetiske sansen til elevane
- kan bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
- kan vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
- kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar
Generell kompetanse
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet av emnet går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Me brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Du vil få ei innføring i bruken av Adobe Connect.
Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.
4 arbeidskrav, med respons frå medstudent og faglærar. Studentresponsen er obligatorisk.
Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om bruk av IKT i tekstskaping og tekstforståing. Minst eitt skal vere knytt til utprøving i eigen eller andre sin klasse og skal vere knytt til kollegarespons.
Vurderingsform
Mappevurdering
Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.
Vekting: 60 %
Munnleg gruppeeksamen
Vekting: 40 %
Bokstavkarakter A-F.
Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen.
Ved stryk på mappe, skal omarbeidd tekst leverast.
Hjelpemiddel ved eksamen
Mappe: Alle
Muntlig: Ingen
Meir om hjelpemiddel