Hopp til innhald

BI445 Økologi grunnkurs

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette grunnleggande emnet i økologi skal gi ei innføring i faget og bidra til å auke forståinga av den levande naturen. Innføringa skal også bidra til å auka kunnskapen om kva den levande naturen betyr for oss menneske og våre samfunn, men også korleis våre aktivitetar kan påverke den levande naturen. Emnet skal vidare gi grunnlag for å studere andre økologikurs på bachelor- og masternivå. Emnet er strukturert etter læreboka og omhandlar

  • Naturhistorie og evolusjon
  • Tilpassingar til miljøet
  • Populasjonsøkologi
  • Økologiske interaksjonar
  • Økologiske samfunn og økosystem
  • Storskala økologi

I kvar seksjon er målet å belyse grunnleggande økologiske prinsipp og teori saman med dømer som er relevante for ein norsk kontekst, inkludert fokus på ein del miljøutfordringar per tema. Emnet spenner frå grunnleggande til anvendt økologi på tema som er relevante for studentar innan miljøvitskap.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten har kunnskap i:

  • grunnleggande økologi og økologiske prosessar og funksjonar.
  • betydninga av biologisk mangfald.
  • global endringsøkologi.
  • anvendt økologi.

Ferdigheiter

Studenten har ferdigheiter i å:

  • bruke økologi for å forstå naturen.
  • skrive og bruke terminologi og økologi for å forklare og utforske ulike økologiske fenomen.
  • bruke økologisk kunnskap til å løyse grunnleggande og anvendte oppgåver.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • formidle økologisk kunnskap, analysar og konklusjonar.
  • anvende økologi i naturforvaltning og planlegging.
  • forstå betydninga av økologisk kunnskap for å løyse lokale og globale utfordringar i tidsepoken Antropocen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen  

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, lab, ekskursjonar, kollokviar og anna studentaktiv læring

Obligatorisk læringsaktivitet

Delta på lab og godkjent labrapport 

Delta på 1-2 ekskursjonar og 1-2 dagar feltarbeid

Vurderingsform

Digital skriftleg heimeeksamen, fleirvalstest, 4 timar

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BI445 - Økologi og evolusjon - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • BI445 - Generell økologi - Reduksjon: 10 studiepoeng