EVN1009 Kommunikasjon og forhandlingsforståing
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
DEL I INTRODUKSJON
Grunnleggande om forhandlingar, kommunikasjon som bærebjelke i effektive forhandlingar, fordelingsforhandlingar, integrasjonsforhandlingar, fleirpartforhandlingar
DEL II ALT STARTER MED KOMMUNIKASJON
Aktiv lytting og speiling, feilkjelder i eiga bodskap, tillit som grunnvilkår for effektiv kommunikasjon
DEL III THE MAN IN THE MIRROR
Kva kjenneteiknar ein god forhandlar, forhandlingsstil, mål og forventningar, makta i objektive kriterier
DEL IV REFRAIMING, INTERESSER OG MAKT
-Refraiming - ein nøkkel til suksess, interesser og interesseanalyse, makt og maktbasert kommunikasjon
DEL V FORHANDLINGSPROSESSEN
DEL VI KORLEIS MØTE EIT NEI?
DEL VII FYSISK SAMLING
-Rapport, pacing, parafrasering og speiling
-Språk og språkmodellar
-Fishbowøvelser - destruktiv kommunikasjon
-Forhandlingscase Harborco
Hovudtema for kurset er effektiv kommunikasjon, tilpassa elektro-, automasjon-, fornybar- og kraftnæringa i samarbeid med partar i bransjeprogrammet og Kompetanse Norge. Målet med kurset er å setja den enkelte i stand til å skapa forståing for bransjens bodskap, samt leggje eit grunnlag for god dialog og felles oppfatning av viktige emne.
Forhandlingar vert definert som ein kommunikasjonsprosess mellom to eller fleire partar i den hensikt å påverka eller overtyde. Kunnskap og ferdigheiter innan effektiv kommunikasjon er avgjerande for å lykkast om ein ynskjer å få gjennomslag for synspunkt og meiningar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten får kunnskap om grunnvilkåra for effektiv kommunikasjon og vil ha kunnskap om korleis språk, språkmodellar, lytte- og spørjeteknikkar bidrar til ein klår og tydeleg kommunikasjon. Vidare om korleis styring og kunnskap av eiga åtferd og eigen kommunikasjon påverkar vår evne til å kommunisere effektivt. Kurset omfattar også maktbasert kommunikasjon, og studenten får kunnskap om korleis man kan handtere makt- og hersketeknikkar på ein effektiv måte for å sikre at eiga bodskap blir høyrd.
Ferdigheiter
Studenten tileignar seg ferdigheiter som set studenten i stand til å etablere ein effektiv kommunikasjonsprosess med det føremål å få aksept, og gjennomslag for eit bodskap.
Generell kompetanse
Studenten vil få kjennskap til forhandlingar som arena for mellommenneskeleg åtferd og kommunikasjon, og vil tileigna seg kunnskap og ferdigheiter slik at man vert i stand til å forberede, gjennomføre og evaluere forhandlingar kor fokus er ein effektiv og god kommunikasjonsprosess.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ein fordel med arbeidserfaring og bakgrunn frå elektro-, automasjon-, fornybar- og kraftnæringa
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning består av webinar. Det vil vere forelesningar der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform og ein- til ein kommunikasjon. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Casebasert læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er krav om obligatorisk deltaking.
Vurderingsform
Skriftleg individuell heimeeksamen (ikkje obligatorisk)- 3 timer.
Bestått/Ikkje bestått.
Det blir utskriven kursbevis til dei som vel å ikkje ta eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemidler tillatt.
Meir om hjelpemiddel