Hopp til innhald

FØS8120 Digitale pengar for framtida

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i Bitcoin, den underliggjande blokk-kjedeteknologien og kryptovalutaen sin plass i det nasjonale og internasjonale pengesystemet.

Bitcoin har opna for nye mulegheiter i den digitale økonomien og emnet skal gje studentane ei forståing av koplinga mellom teknologi, økonomi og samfunnsvitskap. Bitcoin, og andre kryptovalutaer, må forståast på ein tverrfagleg måte og i lys av dei nemnde områda. Emnet skal også gje studentane ei forståing av kryptovalutaen si spesielle og avgjerande rolle i blokkjedeteknologien.

Det er ingen krav til førehandskunnskapar innan teknologi og økonomi for å kunne ta dette emnet. Kurset er tilpassa arbeidstakarar i finanssektoren og tek utgangspunkt i erfaringane studentane har fraå arbeidet sitt i bank og finans.

Studentane skal etter å ha gjennomført kurset forstå korleis Bitcoin er oppbygd og verkar og dermed få ei grunnleggjande forståing for all blokkjedeteknologi. Kurset skal gi studentane tryggheit til å gi råd til kundar i spørsmål om kryptovaluta. 

Innhald

  • Introduksjon til kryptovalutaer med vekt på Bitcoin

    • pengehistorikk
    • utvikling av digitale betalingssystem, før og etter Bitcoin
  • Karakteristiske trekk ved desentrale og sentrale IT-løysingar
  • Bitcoin sin konsensus-modell (Nakamoto-konsensus)
  • Blokk-kjedeteknologien
  • Bruk av Bitcoin og andre kryptovalutaer
  • Regulering av Bitcoin og kryptovalutaer
  • Anonymitet, pseudonymitet og personvern
  • Bitcoin som plattform for andre tenester
  • Alternative kryptovalutaer ("altcoins") og universet av kryptovalutaer
  • Ethereum og smarte kontraktar
  • Bitcoin, blokk-kjede og framtidig bruk og utvikling
  • Blokk-kjedeteknologi som grunnlag for digitale sentralbankpengar
  • Bitcoin som betalingsmiddel (Lightning Network)
  • Kryptovaluta som grunnlag for nye finansieringsmodellar
  • Bitcoin og pengepolitisk styring
  • Bitcoin som investerings- og spekulasjonsobjekt
  • Bitcoin som globalt fenomen og som alternativ "unbanked" og "underbanked"  

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Kunnskapar Studenten skal:

  • Forstå utviklinga av pengar i historisk perspektiv
  • Forstå bakgrunnen for Bitcoin, Bitcoin som forløpar for andre kryptovalutaer og Bitcoin klassisk eksempel på innovasjon
  • Forstå korleis Bitcoin fungerer og kva som gir denne kryptovalutaen verdi
  • Forstå Bitcoin og kryptovalutaer som pengar, både funksjon og eigenskapar, og også kva som manglar for å vera fullverdige pengar
  • Forstå samspelet mellom teknologi, økonomi og samfunnsmessige forhold
  • Forstå potensialet teknologien har som plattform og muleg infrastruktur for nye tenester
  • Drøfta korleis kryptovaluta påverkar tradisjonelle finansielle tenester no og i framtida
  • Vera i stand til å gi råd til andre om bruk av Bitcoin og andre kryptovaluta og forklara korleis dei fungerer
  • Forstå skilnaden på opne kryptovalutaer, stabilvalutaer, fiat-pengar og digitale sentralbank-pengar
  • Forstå personvernutfordringar ved overgang til eit kontantlaust samfunn
  • Forstå skilnaden på opne og kontrollerte blokkjeder
  • Forstå betalingsløysingar som Lightning Network og korleis det heng saman med Bitcoin
  • Forstå kva som gjer Ethereum spesiell i høve Bitcoin
  • Forstå risikoen ved ulike investering i, og bruk av, kryptovaluta
  • Forstå korleis Bitcoin og kryptovalutaer blir regulerte (skattermessig og bruksmessig)
  • Forstå dei pengepolitiske utfordringane knytt til framveksten av kryptovalutaer
  • Forstå samanhengen mellom energibruk og sikkerheit i Bitcoin, og læra om andre konsensus-metodar

Ferdigheiter

Studenten skal

  • Kunna ta i bruk ei bitcoin-lommebok og forstå korleis ein vekslar mellom bitcoin og "vanlege" pengar (fiat-pengar), og mellom ulike typar kryptovalutaer 
  • Kunna bruka ressursar på nettet til å spora bitcoinbetalingar og forstå prosessen med ein bitcoin-transaksjon
  • Skilja mellom anonymitet og pseudonymitet og vita kva teknologi som tilbyr det eine eller andre
  • Kunna forklara korleis Bitcoin og liknande kryptovalutaer fungerer, og kva som skil dei frå fiat-pengar

Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne følgja samfunnsdebatten knytt til bruk av kryptovalutaer.
  • Ha nok kunnskap til å forstå risikoen ved investering i kryptovalutaer
  • Forstå blokkjedeteknologien og kryptovaluta slik at han og ho kan bli ein viktig ressurs i slike spørsmål i arbeidslivet
  • Kunna skilja mellom mytar og fakta om Bitcoin og kryptovaluta

Krav til forkunnskapar

 

Tilrådde forkunnskapar

Erfaring frå bank og finans er ein fordel.

Undervisnings- og læringsformer

Digitale forelesingar, fysisk samling og oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk innlevering av arbeidsoppgåver.

Vurderingsform

4 timar heimeeksamen. Karakter greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØA101 - Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien - Reduksjon: 7,5 studiepoeng