Hopp til innhald

HYD802 Hydrogenteknologi II

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Konkrete tema som dette kurset vil ta for seg:

  • Hydrogenberarar:

Hydrogenberarar omfattar ei gruppe molekyl som transporterer hydrogenet til der det brukast. Kva typar som finns, deira produksjons- og bruksmåte vil bli gjennomgått. Korleis ein kan vurdere hydrogenberarar opp mot kvarandre med tanke på berekraft, tryggleik og prosess vert gjennomgått.

  • Transport av hydrogen:

Transport av hydrogen avheng av form og hydrogenberar. Korleis hydrogen kan transporterast og tryggleik knytt til dette vert gjennomgått. Samstundes vert det fokus på energitap under transport.

  • Bruk av hydrogen til å produsera energi, men særskilt fokus på brenselceller:

Ei rekke teknologiar for bruk vert gjennomgått med fokus på brenselceller. Brenselcellenes elektrokjemi og teknologi vert gjennomgått i detalj.

  • Hydrogentryggleik:

Dette temaet vart gjennomgått i Hydrogen I, og i Hydrogen II vert det utdjupa, med fokus på meir kompliserte høve. Industrielle prosjekt vert presentert, og kva fallgruver og hindringar desse måtte løyse for å gå frå ein ide til eit ferdig produkt.

  • Hydrogen i det moderne samfunnet:

Basert på lærdom frå Hydrogenteknologi I og II, skal du no kunne vurdere heile hydrogenkjeda og aspekt både med omsyn på berekraft, miljø, tryggleik, økonomi og vanskeleggrad. Det vil bli lagt vekt på å kunne gjennomføre nokre enkle berekningar innan energieffektivitet og energiutbytte.

Læringsutbytte

Ved fullført emne har studenten følgjande kvalifikasjonar:

Studenten…

  • har kunnskap om hydrogenberarar og kan vurdere bruken av desse på ein kritisk måte
  • har inngåande kunnskap om bruk av brenselceller for produsere energi frå hydrogen
  • har inngåande kunnskap om hydrogentryggleik

Studenten…

  • kan vurdere hydrogen som energiberar mot alternative løysingar i energiprosjekt
  • kan utføre grunnleggjande berekningar innan hydrogenteknologi
  • kan vurdere tryggleik og sikker bruk av hydrogen

Studenten…

  • har god forståing for hydrogenteknologien sin kompleksitet, og kan bidra til drøfting og utarbeiding av hydrogenprosjekt.
  • kan vurdere hydrogenteknologi på ein kritisk måte, og har ein djupare forståing av hydrogen som energiberar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til grunnleggande matematikk, fysikk og kjemi.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vere digital. Det vil vere  forelesningar på ettermiddagstid, der studentane kan stille spørsmål og få svar direkte. Bruk av digitale breakoutrooms for gruppediskusjonar. Mellom undervisningsbolkane vil det vere sjølvstudium, arbeid med øvingsoppgåver og kollokviearbeid i grupper. I tillegg vil det vere interaksjon i felles forum på digital læringsplattform.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vil bli gitt fem prøver med fleirvalsoppgåver knytt til kvart tema. Desse kan gjennomførast så mange gonger ein vil, med nokre tidsavgrensingar. 

Alle arbeidskrava må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen eller få godkjent kursbevis. 

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 30 minuttar, gjennomført digitalt via videomøte. Kandidaten må ha kamera på under heile eksaminasjonen

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • HYD800 - Innføring i hydrogen - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • MAS307 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS539 - Hydrogenteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng