Hopp til innhald

LUL301 Leik,utforsking og overgangen barnehage-skule

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emneplanen bygger på gjeldande Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning. Kunnskapsbasen bygger på faga norsk, matematikk og pedagogikk.

Fordjupinga skal utvikle studentane til ressurspersonar som kan leie og kvalitetssikre barnehagen sitt arbeid med særleg vekt på fagområda: «Språk, kommunikasjon og tekst» og «Mengd, rom og form» i barnehagen. Fordjupinga skal styrke studentane si profesjonsfaglege utvikling og bygger på fagdidaktisk og pedagogisk forsking. Praksis inngår som ein integrert del av emnet.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har god kunnskap om språk og språkarbeid knytt til høgtlesing, tidleg skriving og variert tekstpraksis, matematisk utforsking, dialog og leik, også i fleirspråklege perspektiv
  • har kunnskap om profesjonstenking som kvalifisering, sosialisering og subjektivering for å møte barnehagelærerprofesjonen sine politiske og ideologiske utfordringar
  • har kunnskap om matematikk som eit kreativt og estetisk fag både innomhus og utandørs
  • har kunnskap om korleis oppvekst blir tematisert i eit utval samtidslitteratur for vaksne
  • har kunnskap om born si danning av  identitet, og kjønnsperspektiv i ljos av fagområda
  • har kunnskap om og innsikt i pedagogisk prosjektarbeid saman med born
  • har god kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for born, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert samiske og fleirkulturelle perspektiv
  • har profesjonsfagleg digital kompetanse

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kartlegge og organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk utvikling og litterasitet
  • kan vurdere bruk av kartleggingsverktøy og pedagogiske program samt materiell ut frå eit profesjonelt og kritisk perspektiv
  • kan leie pedagogisk prosjektarbeid for å utvikle born si matematiske, litterære og språklege kompetanse
  • kan bruke og vurdere digitale verktøy for å bidra til born og personale si læring
  • kan legge til rette og formidle eit breitt utval tekster for born

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan kritisk vurdere eiga leiarrolle og fagleg didaktisk arbeid
  • kan fungere som ein ressursperson som bidrar til å heve den faglege kvaliteten i barnehagen sitt språk-, matematikk- og litteraturmiljø
  • meistrar kommunikasjon med born, føresette, personale og eksterne samarbeidspartar
  • har ei sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing av barnehagelærarprofesjonen si særstilling og utfordring i samfunnet i dag

Krav til forkunnskapar

STM101/102 må vere greidd før studentar kan begynne på fordjupinga.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromundervisning og varierte studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Studentane må rekna at deler av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekna som ikkje godkjent.

Det er lagt inn en ekskursjon i nærområde. Studentane vil til dømes besøke barnehagar og sentrale kulturinstitusjonar. Det vil være ein eigenandel på  inntil 1500,- kr. Det blir utarbeidd eit studierelevant program for ekskursjonen.

Det er mogleg å søkje om kompensatorisk arbeidskrav.

Dersom undervisninga blir lagt digital skal studentane vere synlege i det digitale rommet.

 

Praksis

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk medvit. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  1. stå fram som barnehagelærar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
  2. kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
  3. auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
  4. kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og tek i vare på leik

kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med medarbeidarar og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og å vere orientert mot andre.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har fem arbeidskrav. Gjennom dei to første læringsaktivitetane skal studentane vise sjølvstendig, kritisk og reflektert forståing av barnehagelærerprofesjonen. Gjennom dei to neste (3, og 4) læringsaktivitetane skal studenten vise fagkompetanse knytt til språk og/eller litteratur og matematikk.

  1. Ein individuell munnleg presentasjon: Med utgangspunkt i eit sjølvvald tema frå fordjupinga, skal studentane planlegge, gjennomføre og vurdere en munnleg presentasjon innanfor verkstedpedagogikken sine arbeidsmåtar.  Vurderingskriterier: Fagleg innsikt i det sjølvvalde temaet og retoriske ferdigheiter i sjølve presentasjonen.  
  2. Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe. Prosjektarbeidet skal planleggast og gjennomførast i praksis.  Vidare skal det utformast ein tekst forankra i både fagdidaktisk og pedagogisk teori.  
  3. Eit individuelt skriftleg arbeidskrav. Dette arbeidskravet er knytt til litteratur og/ eller språkutvikling.  
  4. Eit digitalt arbeidskrav i gruppe. Dette arbeidskravet er knytt til matematikk og skal måle både matematisk og digital kompetanse.  
  5. Godkjent obligatorisk deltaking

Vurderingsform

Kandidaten presenterer prosjektarbeidet, med påfølgande fagleg samtale. Munnleg eksamen varer  inntil 30 min.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Kandidaten kan ta med det som trengs til presentasjon av prosjektarbeidet

Meir om hjelpemiddel