Hopp til innhald

MA415 Matematikk brukaremne

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

MA415 er det fyrste av to brukartilpassa emne i matematikk for graden bachelor i fornybar energi og skal saman med FE404 gi studentane det matematiske grunnlaget dei treng for å løyse tverrfaglege problemstillingar innan fornybar energi. Emnet gir ei innføring i matematiske tema som geometri, trigonometri og kalkulus, samt korleis matematiske metodar og modellar er integrert i problemstillingar innan fornybar energi.   

Læringsutbytte

Emnet skal gi studentane ei innføring i korleis ein kan nytte matematikk til å handtere ulike relevante problem, samt kjennskap til nokre matematiske metodar dei kan nytte for å løyse desse problema. Vidare skal emnet skal gi studentane grunnleggande matematisk handlingskompetanse til å løyse tverrfaglege problemstillingar innan fornybar energi.

Studenten har

  • kunnskap om relevante geometriske former og om korleis ein kan berekne areal og volum av desse
  • kunnskap om trigonometriske identitetar
  • kunnskap om løysingsmetodar for lineære og andregradslikningar
  • kunnskap om eigenskapar til grunnleggande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponentialfunksjonar og trigonometriske funksjonar
  • kunnskap om derivasjon og integrasjon av funksjonar bygd opp av grunnleggande funksjonar.

Studenten kan

  • handtere grunnleggande matematiske problem innan fornybar energi
  • nytte trigonometri på enkle geometriske situasjonar
  • gjennomføre drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel
  • gjennomføre grunnleggande matematisk modellering og velje passande metodar for å løyse desse modellikningane

Studenten

  • har kjennskap til sentrale matematiske metodar og kan nytte desse til å løyse praktiske problemstillingar innan fornybar energi
  • kan forstå og vurdere grunnleggande matematiske modellar og grunngi eigne utrekningar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar, innleveringar og øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre (3) skriftlege innleveringar knytt til emnet sitt matematikkfaglege tema. Tre av tre innleveringar må vere godkjent (bestått) før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator (ikkje programerbar)

Meir om hjelpemiddel