Hopp til innhald

PSBU101 Psykisk helse hjå barn og ungdom

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette emnet gjev kunnskapar om psykisk helse hos barn og unge, og viktige føresetnader for å vidareutvikle og betre barn og ungdom sine evner til å meistre livskriser og psykososiale belastingar. Her skal undervisninga ta føre seg både generell utviklings-i og barndomspsykologi og psykiske plager og lidingar hos barn og unge fram til vaksen alder.

Innhald/oppbygging:

  • Barndom, ungdom og kultur
    • Oppvekstvilkår, utviklingshistorie, identitetsdanning,  kropp, kjønn og seksualitet
  • Barn og ungdom si psykisk helse
    • historiske utviklingslinjer, dagsaktuelle problemstillingar og framtidige utfordringar
    • medisinske utfordringar
  • Trivsel og tilhøve som fremjer god psykisk helse hos barn, ungdom og familiar
    • om økonomi og levekår blant barn og unge, sosiale identitetar, meiningsskapande aktivitetar
    • meistring av krav i kvardagen
  • Samfunnsskapt helse og uhelse;
    • sosiale marginaliserings-prosessar, fattigdom og sosial ulikskap i helse, problemstillingar knytt til migrasjon og psykisk helse, identitetsutvikling, homofili
  • Når livet blir vanskeleg - erfaringar frå barn, ungdom og familie i sorg og krise
  • Ulike risikofaktorar for utvikling av psykososiale problem;
    • barn som lever i familie med vald/familie med rusproblem, psykiske lidingar, samlivsbrot, fysisk og psykisk omsorgssvikt og mishandling, foreldre/søskens død
    • einsemd og mobbing
    • krigsopplevingar og traume
  • Teikn på psykososiale problem og psykisk uhelse hos barn og ungdom
    • skuleproblem og tilpassingsvanskar
    • tristheit, sjølvskading og sjølvmordstankar
    • spiseforstyrring
    • innagerande og utagerande åtferd/ temperament
    • kriminalitet
    • Avhengigheit
      • Speleavhengigheit
      • Narkotiske stoff
      • Alkohol /løysemiddel
      • Anabole steroid
      • Tablettar
  • Psykiske lidingar hos barn og ungdom
    • Depresjon, angst, traumatisering, suicidalitet, spiseforstyrringar, utviklingsforstyrringar, åtferdsproblem, psykose m.m.
  • Klassifikasjon og psykiatrisk diagnostikk av barn og ungdom - bruksområde utfordringar og fagetiske dilemma
  • Resiliens og salutogenese, og barns navigering mot psykisk helse

Læringsutbytte

 

Ein studenten med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande teoretisk forståing av faget psykososialt arbeid med barn og unge
  • har inngåande kunnskap om generell utviklings- og barndomspsykologi
  • har inngåande kunnskap om betyding av oppvekstvilkår og- kultur, barn sine psykososiale behov, og om risikofaktorar og beskyttelsesfaktorar for psykososial helse hos barn og ungdom
  • har inngåande kunnskap om dei mest alminnelege psykiske lidingar hos barn og ungdom, og symptom på desse
  • har inngåande kunnskap om grunnleggande vilkår for å fremje og vidareutvikle barn og ungdom sine evner til å mestre livskriser og psykososiale belastningar, samt betyding av brukarmedverknad og myndiggjering for fremjing av psykisk helse.
  • har kunnskapar om ulike perspektiv på psykisk helse og korleis desse har påverka utvikling av metodar og ulike intervensjonar i arbeidet med barn og unge

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan anvende kunnskap om generell utviklingspsykologi for å analysere normalutvikling hos barn og unge
  • kan identifisere og analysere forhold ved nærmiljøet og samfunnet elles, som verkar inn på utviklinga av helsefremjande prosessar hos barn og ungdom.
  • kan identifisere samfunnsmessige og biologiske faktorar som har betyding for utvikling av psykiske vanskar og lidingar
  • kan kritisk reflektere over ulike historiske perspektiv på normalitet og normalutvikling hos barn, ungdom, unge vaksne og familien.
  • kan etablere og inngå i helsefremjande og meistrings-skapande relasjonar med barn, ungdom og deira familiar med utgangspunkt i deira eigne ønsker og behov.

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan analysere og bidra til å vidareutvikle barn og ungdom si evne til å meistre livskriser og psykososiale påkjenningar
  • kan identifisere og reflektere kritisk rundt etiske og moralske utfordringar psykososialt arbeid med barn og unge
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn i fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • kan anvende kunnskap om betydinga av reell brukarmedverknad og myndiggjering i arbeidet med barn, ungdom og deira familiar,  for utvikling av psykisk helse

Undervisnings- og læringsformer

Førelesning, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving/arbeidskrav, teorigrupper/kollokviegrupper. Rettleiingsgrupper. Studentane må ha tilgang til internett. Canvas vil vere kommunikasjonsverktøy mellom studiestad og studentane. Studenten vert også oppmoda om å hospitere ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med eller forskar innanfor feltet barn og unge.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. 75% obligatorisk frammøte i undervisning og 100% frammøte til rettleiingsgrupper

2. Ei individuell skriftleg oppgåve der studenten reflekterer over studiet og eiga yrkesrolle. Omfang: om lag 1000 ord.

Vurderingsform

Mappevurdering
Studenten skal utarbeide ei læringsmappe, som skal innleverast elektronisk for rettleiande kommentarar. Mappa skal vere eit forarbeid til sluttvurderinga, og skal inndelast i 3 skriftlege arbeid med ulike fastsette tema, og med eit omfang på om lag 2000 ord på kvar oppgåve. Det blir trekt ei oppgåve frå læringsmappa for sluttvurdering i ei vurderingsmappe. Kandidaten kan arbeide vidare på denne dei neste 48 timane, før besvarelsen blir levert elektronisk. Oppgåva skal ha eit omfang på maks 2500 ord.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A - F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tilletne.

Meir om hjelpemiddel