Hopp til innhald

PSBU102 Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Fokus i dette emnet er retta mot utvikling av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar i praksis og forholdet mellom desse. Emnet er knytt tett opp til refleksjon og rettleiing over eigen praksis og konkrete utviklingsprosjekt på arbeidsplassen. Emnet Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge går også inn i dei andre emna, og strekker seg gjennom begge studieåra.

Innhald/oppbygging:

  • Regjeringa sin strategiplan for barn og unge si psykiske helse
  • Akademisk skriving og kritisk vurdering av forskingsartiklar
  • Skriftleg og munnleg systematisering og formidling av erfaringsbasert kunnskap
  • Kunnskapsdanning i praksis
    • Erfaring, rettleiing, refleksjon og utvikling av praktisk kunnskap
  • Kunnskapen sitt verdi- og teorigrunnlag
  • Evidensbaserte praksisar og praksisbaserte evidensar
  • Kvalitetssikring og faglegheit i tenestetilbodet
  • Kritiske og etiske refleksjonar i og over praksis
    • Tatt - for gitt- kunnskap og tradisjonsbunde praksisar
  • Den personlege epistemologi
    • Eigne overtydingar, personlege utvikling og fagleg tenking
  • Utvikling av personleg kompetanse og moralsk forsvarleg praksis
  • Etiske dilemma og konfliktområde i praksis
    • Makt, hjelp og krenking i psykososialt arbeid med barn og ungdom

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. 

Kunnskap:

Studenten...

  • har avansert kunnskap om betydinga av systematisk, kritisk og etisk refleksjon i praksis.
  • har inngåande kunnskap om faglege problemstillingar med utgangspunkt i historikk, tradisjon og eigenart ved faget psykososialt arbeid med barn og unge
  • har avansert kunnskap om betydinga av psykisk helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid blant barn og unge, sett frå perspektivet individ og samfunn

Ferdigheiter:

Studenten...

  • kan reflektere over egen praksis og kunne ta imot og gje rettleiing til kollegaer og andre faggrupper.
  • kan analysere og kritisk vurdere ulike kunnskapskjelder, og nytte kunnskapen til å strukturere og formulere faglege resonnement for vidareutvikling på eigen arbeidsplass

Generell kompetanse:

Studenten...

  • har inngåande kunnskap om betydinga av eigen faglege og personlege kompetanse, kreativitet, mot og etiske haldning i møte med barn, ungdom og deira familie
  • har innsikt i betydinga av å nytte kunnskap om vitskaplege metodar for å få mot til å fremje konstruktiv utvikling og nytenking til det beste for barn, ungdom og deira familiar

Tilrådde forkunnskapar

PSBU101

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, rollespel, video, sjølvstudium og oppgåveskriving/arbeidskrav. Teorigrupper/kollokviegrupper og rettleiingsgrupper. Studentane må ha tilgang på Internett. Canvas vil vere kommunikasjonsverktøy mellom studiestad og studentane. Studenten vert også oppmoda om å hospitere ved andre arbeidsstadar, og / eller ved institusjonar som arbeider med eller forskar innanfor feltet barn og unge.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivetar må vere godkjende før studenten kan framstille seg for sluttvurdering:

1. 75% obligatorisk frammøte til undervisning og 100% frammøte til grupperettleiing 

2. Ei skriftleg individuell oppgåve der studenten reflekterer over, og evaluerer utvikling av, eigen yrkeskompetanse i slutten av semesteret. Omfang: om lag 1000 ord.

Vurderingsform

Oppgåve

Ein skriftleg fagtekst i essayformat, med fokus på refleksjon over eigen praksis, ferdigheiter og haldningar, og pågåande eller potensielle utviklingsprosjekt på eigen arbeidsplass (Tal ord: 3-4000)

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tilletne.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • PS102 - Kompetanse og tenesteutvikling i psykososialt arbeid med barn og unge - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • PSBU6104 - Kompetanse og tenesteutvikling - Reduksjon: 5,5 studiepoeng