Hopp til innhald

YFL806 Industri 4.0 og 21st Century skills for TIP, BA og EL

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Framskrivingar viser at det vil bli behov for ny kompetanse i norsk og internasjonalt næringsliv i åra framover, knytt til 21st Century skills og Industri 4.0, EU og CEDEFOP (Europeisk senter for yrkesutdanningar) publiserte i desember 2016 forskingsrapporten «Future Skill Needs in Europe: Critical Labour Force». Rapporten trekker fram behovet for å erstatte arbeidsfolk som går av ved naturleg avgang med ny og betre kvalifisert arbeidskraft, og at behovet for ufaglært arbeidskraft vil bli redusert. HVL vil utvikle eit vidareutdanningstilbod på 15 sp som kan vidareutvikla yrkesfaglærarar sin didaktiske kompetanse retta mot framtidig kompetansebehov. Tilbodet tar utgangspunkt i næringslivet sine signal for framtidas kompetansebehov. Lærarane som skal undervisa i programfag og YFF må ha kunnskap om framtidas kompetansebehov for at ungdommane som fullfører ei yrkesfagleg utdanning skal tileigne seg desse. Det naudsynt at elevane får medverka i alle delar av undervisinga for å utvikla eigne læringsstrategiar.

Gjennom føredrag frå næringslivet om framtidas kompetansebehov skal studentane prøve ut og vurdera eigen undervising. Kunnskap om framtidas kompetansebehov skal gi studentane betre grunnlag for grunngjevne val av innhald og arbeidsmåtar i interessedifferensiert, relevant, framtidsretta og meiningsfull opplæring for yrkesfagelevar. Eksamensforma skal sikra deling av kompetanse. Studentane skal sitje att med auka kunnskap om yrkesfaga si utvikling og behov for kompetanse, og korleis eiga undervising kan leggja til rette for innovasjon og nyskaping og at elevane blir bevisst eigne læringsstrategiar.

Temaområde: 

Korleis kan du bruke ny kunnskap om 21st Century Skills & Industri 4.0 i eiga undervisning for å sikre elevane framtidsretta og relevant opplæring?

Korleis kan du jobbe med praksisnære utviklingsprosjekt med mål om kvalitetsutvikling på eigen skule med grunnlag i ny kunnskap om framtidsretta opplæringsmetodar og Discovery learning?

Studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine fagutdanningar, yrkeserfaring og undervisningspraksis. Studiet er gjennomført i tett samarbeid med skuleeigarar.

Studiet er samlingsbasert, med 3 fysiske samlingar med hovudfokus på å oppretta kontakt med lokale innovative næringslivsaktørar og -bedrifter som er aktuelle utifrå studentane sin yrkesfaglege bakgrunn og programfaga dei underviser i.

  • bli kjend med næringslivet si skildring av framtidas kompetansebehov
  • fordjupe seg i kva 21st Century Skills & Industri 4.0 omhandlar
  • relatere framtidas kompetansebehov til bærekraftig utvikling, tverrfaglege tema og djubdelæring
  • auka kunnskap om yrkesfaga si utvikling og kompetansebehov
  • eit framtidsretta grunnlag for tilpassa didaktisk arbeid med utgangspunkt i Discovery learning
  • moglegheit til å jobbe med praksisnære utviklingsprosjekt med mål om kvalitetsutvikling på eigen skule
  • styrka kompetanse for å sikra elevane relevant og framtidsretta opplæring
  • delta i innovativ skuleutvikling
  • eit relevant og innovativt nettverk av kollegaer og næringslivsaktørar
  • kunnskap og ferdigheiter knytt til etiske omsyn og regelverk for bruk av digitale læringsverktøy i skulen

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:

Kunnskaper:

Studenten

  •  har kunnskap om 21st Century skills og Industri 4.0
  •  har oppdatert og forståeleg fagspråk for yrka i eige utdanningsprogram
  •  har kunnskap om overføringsverdien av didaktisk arbeid på samlingane til undervising i  eigen klasse
  •  har kunnskap om å kunne forklare faga i utdanningsprogrammet sin funksjon og plass i samfunnet i dag
  • har kunnskap om å kunne skissere korleis yrka i eige utdanningsprogram kan tenkast å utvikle seg fram mot 2030

Ferdigheter:

Studenten

  • kan nytta kunnskap om 21st Century skills og Industri 4.0 i eiga undervising
  • kan vurdera kvalitet på eiga undervising i høve framtidig kompetansebehov og elevmedverknad
  • kan planleggje, utføra, vurdere og dokumentera undervising innanfor eige utdanningsprogram med høg grad av elevmedverknad
  • kan planleggje, utføra, vurdere og dokumentera undervising innanfor eige utdanningsprogram med fokus på framtidig kompetansebehov

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan eksemplifisera framtidas kompetansebehov innanfor eige utdanningsprogram knytt til elevane sine ulike interesseområde
  • kan forklare behovet for ulike nøkkelkompetansar innan yrka i eige utdanningsprogram
  • kan vurdere kva læringsstrategiar som er relevante for elevar med ulike utdanningsplanar og læringsbehov
  •  kan analysere, grunngje og vurdere didaktiske val i undervisinga knytt til 21st Century skills og Industri 4.0 i eiga undervising

Krav til forkunnskapar

Søkere må være tilsatt i og ha undervisningspraksis i videregående opplæring.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert, og det er lagt opp til tre fellessamlingar som går over to dagar og nettbaserte rettleiingsaktivitetar. Emnet vert knytt til HVL sine yrkesfagmiljø på tvers av campusar. Campus Stord har tett samarbeid med næringslivet på Haugalandet, og vi er i dialog med næringslivet der om eit samarbeid om studiet. Studentane må slik sett rekna med at det kan bli arrangert undervisingssamling på Haugalandet, eventuelt også i Nordfjord, der eit aktivt næringsliv er aktuelt å involvera i studiet.

Studiet vekslar mellom førelesingar, gruppearbeid, refleksjonsgrupper, erfaringsutveksling og diskusjonar. Mellom samlingane deltek studentane i ei digital nettverksgruppe med kollegaer frå eigen/andre skular, der ein jobbar med å  utforska og prøva ut nye idèar i undervisninga knytt til hovudtema for studiet. Framtidas skule er også pr. i dag tufta på viktige element i fagfornyinga; at studenten tileignar seg nye kunnskapar og erfaringar om t.d. elevmedverknad, Discovery Learning, djupnelæring, bærekraftig utvikling, utvida samarbeid med fellesfaglærarar og næringsliv; heilskapleg og differensiert undervisning med fokus på framtidas kompetansebehov. Studentane skal delta aktivt på eit webinar, og fysiske samlingar og digitale læringsarenaer skal tilpassast studentane sin arbeidssituasjon og vil bli planlagt i tett samarbeid med studentar.

Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av arbeidskrava i studiet.

Obligatorisk læringsaktivitet

1. Individuell oppgåve knytt til utprøving av undervisningsmetodar med fokus på framtidsretta opplæring knytt til Industri 4.0, 21.st Century Skills og KSAVE- verdiane. (Knowledge, Skills, Attitudes, Values and Ethics). Fagfellevurdering på læringsplattforma Canvas. Nettverksgruppe-presentasjon av felles læringsutbyte, på 2. samling.

2) Som arbeidskrav 1, men  med valfri audiovisuell dokumentasjon til framlegging på 3.samling.

3)Utbyte av studiet: Nettverksgruppe-presentasjon av læringsutbyte, ved studentane sine respektive arbeidsstader. Kollegium og skuleleiing vert invitert, målet er erfaringsdeling på eigen arbeidsplass.

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg vurdering.

Karakter: Greidd / Ikkje greidd.

Eksamen vert organisert som ein open eksamenskonferanse på campus, med kommisjon. Innhald i eksamenspresentasjonen er relatert til læringsutbyteformuleringar i studiet, med vekt på erfaringsdeling og refleksjon over korleis ny kunnskap og erfaring kan nyttast i undervisningspraksis.

Hjelpemiddel ved eksamen

Pensumlitteratur, eigenvald litteratur og eigen dokumentasjon frå studiet. 

Meir om hjelpemiddel