EM6-2003 Praktisk eigendomsmegling 2
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i:
- kvalitetssikring
- tvangssal
- landbruk
- prosjektmekling
- næringsmekling
- finansiering av næringseigedommar og utbyggingsprosjekt
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Gjere greie for reglane som regulerer meklaren si rolle, arbeidsoppgåver og ansvar overfor kundar, publikum, offentlege styresmakter og eigedomsmeklarbranjsen.
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne løyse juridiske og praktiske problemstillingar innenfor emnet sitt tema.
Generell kompetanse:
Studenten skal ha eit bevisst forhold til mimimunsrettighetene dei lovfesta rettsreglane gir.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar er emnet EM6- 1001 Praktisk eigedomsmekling 1 eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel. Det er nødvendig med aktivt sjølvstudium (studiebok) og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum.
Det er obligatorisk studietur i EM6-2003 Praktisk eigedomsmekling 2. Studentane må rekne med ei eigenbetaling for delar av ekskursjonen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt oppgåvesett. Oppgåva skal gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel: Lovsamling, eller sætrykk av lover, og NEF si handbok.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- EM6-101 - Praktisk eiendomsmegling 2 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng