Hopp til innhald

ØSS115 Offentleg økonomi

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Kurset byggjer på og utfyller BØA203 Mikroøkonomi. Målet med kurset er å gi studentane ei djupare forståing for marknadsøkonomien sine svake sider og korleis det offentlige kan medverke til ein samfunnsøkonomisk sett meir effektiv ressursbruk og rettvis fordeling.

Innhald

  • Konkurransepolitikk
  • Eksternalitetar og miljøpolitikk
  • Offentlig forsyning og produksjon av gode
  • Skatt
  • Trygd og sosial forsikring
  • Fordelingspolitikk
  • Nytte-kostnadsanalyse

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar:

  • Kunne forklare sentrale omgrep innan velferdsteori
  • Analysere konsekvensane av konkurranse- og miljøpolitikk for samfunnsøkonomisk effektivitet
  • Analysere dei velferdsmessige grunngjevingane for offentlig tenestetilbod, korleis tenestetilbodet skal dimensjonerast og produksjonen organiserast
  • Analysere konsekvensane av skatt for samfunnsøkonomisk effektivitet og prinsippa for eit optimalt skattesystem
  • Analysere dei velferdsmessige grunngjevingane for og effektivitetsmessige konsekvensane av trygd, sosial forsikring og omfordeling
  • Kjenne til sentrale etiske teoriar som er relevante for å vurdere økonomisk politikk, avveginga mellom samfunnsøkonomisk effektivitet og rettvis fordeling
  • Gjennomføre enkle nytte-kostnadsanalysar

Ferdigheiter

  • Formulere, illustrere, løyse og anvende mikro- og velferdsøkonomiske modellar
  • Gjennomføre enkle nytte-kostnadsanalysar
  • Reflektere kritisk over offentlig politikk og dei etiske dilemma som kan oppstå i den samanheng

Generell kompetanse

  • Gjøre bruk av abstrakte modellar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA203 Mikroøkonomi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar og oppgåveløysing.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må ein få godkjend skriftleg svar på 2 av i alt 3 obligatoriske arbeidskrav. Godkjende arbeidskrav er gyldig i eksamenssemesteret og fem påfølgende semester.

Vurderingsform

Skriftleg skoleeksamen, 5 timer. Eksamen kan bli på digitalt eksamenssystem.

Tid og stad for eksamen blir opplyst på Studentweb.

Karakterskala A-F, der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel